Karrierebeste for Færøvik
Nær fem år etter at han bestemte seg for å satsa på løpinga sprang Klas Færøvik inn til NM-gull i terreng-løp.
- Det er rart å tenkja på. Eg var sein med å koma i gang, men etter at eg bestemte meg for å satsa, har eg jo gjort nettopp det. Eg har trena rimeleg bra. Då kjem også resultata, seier Færøvik.
Åleine til start
Som ein av initiativtakarane til Opptur Motbakkeklubb er det motbakkeløp han stort sett har satsa på, men det spørs om det ikkje vert fleire terreng-løp i framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er kanskje slike løp som passar meg best. Jaudå, det gav så absolutt meirsmak dette her, seier 46-åringen.
Han var einaste frå Os som stilte til start i NM i terrengløp i Stavanger. På veg nedover lurte han på om han hadde noko der å gjera i det heile teke.
- Det var stusseleg å dra nedover åleiene. Geir Skaten skulle eigentleg vera med, men ombestemte seg dagen før. Ei stund var eg godt på veg til å psyka meg skikkeleg ut, vedgår Færøvik.
Men så såg han løypa.
- Då eg såg kuperinga, skjønte eg at det ville passa meg perfekt. Sakte, men sikkert klarte eg å byggja meg opp, og då eg stod på startstreken, var eg etter kvart blitt litt optimisistisk, fortel han.
Mobiliserte til spurt
Løypa bestod av ein 750 meter lang runde i blautt gras, mot slutten av runden var det 300 meter stigning.
Utøvarane frå 35 år og oppover hadde felles start. Dermed var det vanskeleg å til ei kvar tid vita korleis ein låg an i sin eigen årsklasse.
- Eg sprang forbi eit par av dei eg visste var favorittar i 45-49-årsklassen, så eg hadde etter kvart ei god kjensle. Då eg i tillegg klarte å mobilisera til spurt opp den svake stigninga mot mål, hadde eg trua på medalje. At det vart gull fekk eg ikkje med meg før eg høyrde det over høgtalaranlegget etterpå, seier Færøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han noterte seg for sterke 9,50 på den 3.000 meter lange distansen. Det er ein snittfart på nær 19 km/t.
- Det er sterkt. Eg er sjukt nøgd med prestasjonen. Det er utan tvil det beste eg har gjort i karrieren, seier osingen.
Han var 22 sekund raskare enn andremann i klassen for herrar 45-49 år.
Stafett og Skarvarennet
Komande onsdag vert det meir terrengløp for Færøvik. Då spring han terreng-stafett på Skansemyren i Bergen i lag med Geir Skaten.
- Det er eit morosamt løp. Me spring 3.000 meter kvar til saman, men vekslar etter kvar 1.000 meter. Eg trur me skal gjera det bra, seier han.
Neste høgdepunkt for Færøvik er Skarvarennet laurdag 23. april.
- Då vurderer eg å stilla i konkurranseklassen. Uansett håpar eg å slå rekorden min frå 2014, då eg gjekk på 1 time og 46 minutt, konstaterer Færøvik.