Minner om bandtvangen
- Dei aller fleste hundeeigarar er ansvarlege og viser omsyn til andre dyr og menneske. Men enkelte hundeeigarar tar ikkje inn over seg at hunden faktisk er eit rovdyr med jaktinstinkt.
Det seier Marianne Kramer, sjef for Teknisk drift i Os kommune.
- Sjølv ein snill hund kan "klikka" dersom han får springa etter lam på eit beite, seier Ho peikar på at konsekvensane kan vera tragiske for både lammet og hunden, som i verste fall kan bli kravd avliva dersom han skadar eller tar livet av husdyr, legg ho til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dyrelivet er ekstra sårbart i vår- og sommarmånadene, og uforsiktige hundeeigarar kan gjera stor skade ved å sleppa hunden laus, understrekar Kramer.
Frå og med 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang for hund i heile landet. I beiteområde for husdyr og vilt som skal beskyttast, gjeld bandtvangen i Os kommune fram til 30. september.
Dette betyr at alle hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda i heile denne perioden.
- Dersom du møter ein hund som er laus i strid med reglane om bandtvang, kan du fanga han og levera han tilbake til eigaren, dersom eigaren er i nærleiken. Dersom eigaren ikkje er å sjå, skal du levere hunden til politiet, opplyser Kramer.
Brot på reglane for bandtvang er straffbart og kan føre til bøter. Alvorlege brot kan gje fengselsstraff opp til seks månader.
- Dette er ikkje hunden sitt ansvar. Det er du som hundeeigar som må ta ansvar for hunden din, slik at vi unngår farlege og skadelege situasjonar, oppmodar Kramer.