NAV Fusa stengjer
Grunna kommunesamanslåinga stengjer NAV Fusa frå 16. desember.
Det opplyser kommunen på sine heimesider. NAV Fusa sitt publikumsmottak vil vera ved NAV Os i Brugata 36 på Osøyro.
Frå 1. januar blir NAV Bjørnafjorden i Brugata NAV-kontor for alle innbyggarar i Bjørnafjorden kommune.