Christian Hjelle, Mats Moen, Marita Ellingsen, Anja Håvardstun Iversen og Sander Thorvaldsen.
Christian Hjelle, Mats Moen, Marita Ellingsen, Anja Håvardstun Iversen og Sander Thorvaldsen.

Stormønstring for krefttiltak

Russen ved Os vidaregåande skule er klare for innsats for kreftsaka. Søndag går dei med bøsser. Målet er å samla inn meir enn 50.000 kroner.

Torsdag føremiddag var det kick-off for kreft-innsamlinga på Os vidaregåande skule. På plass for å motivera elevane var Helene Unneland frå Kreftforeningen.

- De får ein russeknute for denne innsatsen. To timar innsamling for ei så god sak som dette - eg trur ikkje de får russeknutar som de kan vera meir stolte av enn denne, sa Unneland, til lett humring frå salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motiverte elevar

På skulen har dei ein eigen kreftkomité. Leiar Marita Ellingsen meiner elevane verkar å vera veldig motiverte.

- Me har prata om dette ei stund, og det verkar som elevane ser at dette er eit tiltak som vil gjera nytte, seier Ellingsen.

Russepresident Christian Hjelle har eit konkret mål for søndagens bøssegåing.

Helene Unneland informerte om kor viktig slike innsamlingar er for Kreftforeningen.
Helene Unneland informerte om kor viktig slike innsamlingar er for Kreftforeningen.

- Fjorårsrussen samla inn 50.000. Målet mått må vera å samla inn meir. Me er 35 bøsseberarar som skal ut i to timar. Med litt innsats trur eg me når målet, seier Hjelle.