Søfteland har trekt laget sitt etter at trenaren og dei fleste spelarane har gitt seg
– Det er inga hemmelegheit at situasjonen i haust har mykje med avgjerda å gjera, fortel trenar Raymond Pedersen.
For alle utanfor klubben, såg det merkeleg ut det som skjedde med Søfteland i årets sesong. På Facebook-sida til klubben blei folk stadig oppmoda om å koma og støtta A-laget i opprykkskampen, etter at dei hadde prestert ein sterk sesong, og låg an til å koma seg opp i 4. divisjon. Men før den tredje siste kampen, mot Austevoll, som vann avdelinga, kom det fram at Søfteland ikkje stilte lag til kampen. Det blei då sagt at dei gjorde det slik fordi dei ikkje hadde bane, tropp eller ressursar til å takla eit opprykk. No fortel trenar Raymond Pedersen sin versjon av det som skjedde i fjor haust.
– På sommaren bad eg fotballstyret om å sjekka med kretsen i forhold til neste sesong, om korleis Stilvoll (banen til Søfteland) låg an med tanke på spel i 4. divisjon. Det fekk eg ikkje ei skikkeleg tilbakemelding på. Vi låg godt an på det tidspunktet. Det gjorde vi også i september då eg purra på. Då fekk eg til svar at Stilvoll ikkje gjekk an å spela 4. divisjon på, seier Pedersen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trenaren skal då ha spurt om fotballstyret kunne høyra med klubbane kring Søfteland, spesielt Os og Kalandseid, om dei hadde ledig tid på banane.
– Det fekk eg heller ikkje svar på frå dei. Det som skjedde vidare er at vi røysta i gruppa om kva vi skulle gjera. Då blei det bestemt at vi ikkje skulle stilla til kamp mot Austevoll, og at vi ikkje skulle rykkja opp, seier Pedersen og legg til:
– Austevoll fekk beskjed i god tid. Kretsen fekk beskjed dagen før kampen. Vi opplyste til dei at vi ikkje ville spela kampen, då Stilvoll ikkje møtte krava til standarden i 4. divisjon, og at klubben ikkje ønskjer å spela på andre banar. I ettertid viser det seg at Stilvoll er klarert for 4. divisjonsspel.
Pedersen legg ikkje skjul på frustrasjonen som oppstod. I fem år har han trent A-laget på Søfteland, og han synest det er trist at det enda som det gjorde.
– Eg har eit godt forhold til heile spelargruppa og dei eg har hatt mest med å gjera. Eg føler ikkje at eg sjølv kunne gjort så mykje annleis.
Pedersen er ikkje den einaste som ikkje ønskjer å halda fram i klubben. Han fortel at om lag 10–15 spelarar har gjeve beskjed om at dei ikkje kjem til å spela for klubben neste sesong – av ulike årsaker.
Leiar for fotballgruppa, Roar Wold, stadfestar at det er mange som har gitt seg, og at Søfteland som følgje av dette ikkje kan stilla med A-lag i 5. divisjon neste år.
– Det er seks eller sju spelarar att. For at vi skal kunna stilla lag, må vi ha ein tropp på 20 mann. Måndag gav eg beskjed til kretsen om at vi ikkje deltek i 5. divisjon, fortel Wold.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fotballstyret skal ha vore tydelege heile sesongen på at det ikkje var aktuelt å rykkja opp.
– Det er tidlegare blitt kommunisert frå kretsen, at Stilvoll eigentleg ikkje var klarert for 5. divisjon, for banen er for liten, og at det ikkje var vits å søkja om å få spela i 4. divisjon. Det er ikkje slik at dei no har sagt at Stilvoll er klarert for 4. divisjon, men vi fekk beskjed om at «vi kunne jo ha søkt». Det er berre tull når dei tidlegare har vore klare på at det ikkje vil føra fram.
– Men kva med å spela heimekampane på ein annan bane i kommunen?
– Vi ønskjer å ha eit lag på Søfteland som spelar her, slik at store og små i bygda kan koma og sjå på. Det er synd at Raymond gir seg, og at det ikkje blir eit lag til neste år. For mange i spelargruppa var det heller ikkje eit ønske å spela i 4. divisjon. Fleire av dei kjem frå eit høgare nivå, og dei har trappa ned av ein grunn. Då ville dei ikkje opp ein divisjon igjen, og auka treningsmengda, seier Wold.
Det at klubben vel å trekkja laget, får følgjer som dei helst ønskte å unngå. Det er slik at laget ikkje får starta i 7. divisjon, men må vera i karantene i ein sesong, fortel Wold. (NFF har ein annan verson - sjå eiga sak)
– Det er ei veldig dårleg ordning. Spelarane går nok ikkje og ventar i eitt år. Dei finn seg andre klubbar, og kjem nok ikkje rekande tilbake sesongen 2021. Heile situasjonen er trist. Det har gått veldig bra med A-laget dei siste åra, og det har vore god oppslutnad kring kampane. Det er veldig synd at det er blitt slik.