Ikkje alle husa er komne på plass enno, men koseleg er det lell.
Ikkje alle husa er komne på plass enno, men koseleg er det lell.

Perfekt peparkakeby

I over 15 år har SFO-leiar Ninni Ramsvik og borna på SFO ved Søre Øyane barneskule laga peparkakeby.

Riddarborger med det som må vera seigmenn i naud, dominerer årets peparkakeby på SFO ved Søre Øyane barneskule. Her er ein raud og sikkert eldsprutande perla drake, eit tog som berre står (sikkert NSB?) og forseggjorde nissar.

- Vi har 37 born som lagar kvart sitt hus, men det er eg som limar alt saman. I år har eg faktisk ikkje brent meg enno, ler Ninni.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan vera eit styr å baka peparkaker med så mange, men med seks og seks om gongen går det bra. Dessutan er dei største med og hjelper til.

- Kvart år vert eg lei, men når advent nærmar seg så ser eg at borna forventar det. Då er det ikkje noko anna å gjera enn å setja i gong igjen, smiler SFO-leiaren.

I år har ho fått hjelp av SFO-assistent Kari Hodnelid til å laga bakgrunnen.

Hjelp! Ein eldsprutande, perla drake!
Hjelp! Ein eldsprutande, perla drake!
SFO-assistent Kari Hodnelid har laga bakgrunnsteppet.
SFO-assistent Kari Hodnelid har laga bakgrunnsteppet.

- Vi stal ideen frå Halhjem barnetun for mange år sidan og har gjort dette i minst 15 år, seier ho.