Husleiga kan bli tredobla
Os Teknisk Drift ynskjer ein ekstra etasje oppå Os Asvo sitt planlagde produksjonslokale i Kolskogen. Husleiga for det nye lokalet kan bli tre gonger dyrare enn dagens leige.
Under møtet i Tenesteutvalet onsdag orienterte teknisk sjef i Os kommune, Marianne R. Kramer, om fordelar og ulemper ved å flytta Os Teknisk Drift til dei nye lokala som Os Asvo vil byggja i Kolskogen.
Os Teknisk Drift held i dag til i delvis leigde og delvis eigde brakker/bygg i Kolskogen. Ved å byggja ein ekstra etasje oppå det planlagde produksjonslokalet til Os Asvo, kan kommunen frigjera verdfullt areal i området, og få nye og betre lokalitetar. Men det er også ein del utfordringar knytt til flyttinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har enno ikkje skrive ein formell leigekontrakt med Os Asvo. Me har heller ikkje fått ein konkret leigesum, berre ein munnleg peikepinn på kva pris me kan rekna med å betala for leiga av dei nye lokala, og det ligg på rundt 1,2 til 1, 3 mill. kroner i året. I dag betalar me kr 450.000 for lokala i Kolskogen, sa Kramer.
Kramer peika også på at det ville koma ein del ekstra investeringskostnader, som t.d. innkjøp av nye kontormateriell.
Byggjeprosessen er alt komen godt i gang, og bygginga vil starta så snart Statens vegvesen har gjeve si godkjenning i høve til plassering og ny E39. Dei nye lokala til Os Asvo skal etter planen stå ferdige om eitt års tid.