Ariel Braathen skal etter målet vera i toppform til Nordisk i Bergen i desember. Likevel tok ho tre gull og sette ny personleg rekord i helga.
Ariel Braathen skal etter målet vera i toppform til Nordisk i Bergen i desember. Likevel tok ho tre gull og sette ny personleg rekord i helga.

Held fram med medaljesankinga

Nordsjøstevnet i Stavanger i helga blei ein stor suksess for bassengdronninga Ariel Braathen (16).

- Eg hadde ikkje venta å setja ny personleg rekord på 100 meter, seier Braathen og legg til:

- Eg trenar mot Nordisk i Bergen 10.- 13. desember. Det er då eg skal vera i toppform. Difor var dette litt overraskande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny pers på 100 meter bryst

Fredagen starta utmerka, noko også heile helga skulle visa seg å bli. Først sette ho ny personleg rekord på 100 meter bryst med 1.08.37 i forsøket. I finalen symde ho inn til 1.08.26. Nok ein personleg rekord, og gull i si årsklasse. Med sigeren følgde ein "billett" til superfinalen. Der vart ein tsjekkar som er elleve år eldre enn søftelendingen, for sterk.

- Kven var ho, og hadde du høyrd om ho før helga?

- Eg hugsar ikkje kva ho heitte. Eg hadde ikkje høyrt om ho, men eg veit at ho er ein OL-deltakar, for ho hadde ein OL-tatovering, seier Braathen.

Til topps - igjen

Laurdag vart det ny siger. Denne gang på favorittøvinga, 200 meter bryst.

- Eg var litt unna å setja ny personleg rekord, men eg vann i min klasse, og gjekk til finalen. Eg prøvde å hengja meg på ho nemnde tsjekkaren, men ho var for sterk. Eg vart veldig sliten, men klarte å ta andreplassen, seier Braathen.

Søndag gjekk ho nok ein gong til topps i si klasse.

- På 50 meter bryst tok eg gull med tida 32.43. I finalen vart eg nummer fem med tida 32.30, seier Braathen.

Altoppslukande

Det er tydeleg kor altoppslukande symjinga er for søftelendingen. Ikkje nok med at ho går gjennom store mengder treningstima i veka, i tillegg hugsar ho alle tidene sine ned til tiandedelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- He-he, i starten var det vanskeleg å hugsa tidene. No går det av seg sjølv, seier ho.

Braathen var også med å setja ny norsk junior-rekord på mix medley i helga. No ventar junior-NM i Alta om knappe to veker, før Nordisk på heimebane i midten av desember.