Gode kvar for seg - fortreffelege i lag
Dei to vitse-menna på Baronessen treffer godt med julehumoren. Best er dei når dei supplerer kvarandre og står saman på scenen.
Det går i eit bankande køyr frå Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen ringjer jula inn. Duoen fyller ein god fotballkamp og vel så det utan at det blir kjedeleg. Men kanskje hadde ein pause vore på sin plass, for at folk skal kunna fylla glasa, og ikkje minst, at dei skal få lufta hovudet bittelitt og gjera rom for å ta imot meir av den gode stand-upen?
Kvalitet heile vegen
Både i lag og kvar for seg så er det stand-up-formatet som blir reindyrka. Folk elskar det. Innvendinga mi er at publikum kanskje hadde fått sjans til å absorbera dei mange gode poenga endå meir om det var litt luft i mellom, litt pusterom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men for all del. Det er solid vare som blir presentert. Begge to er for proffe å rekna her i bygda med solid ballast frå tallause revyar og sceneopptredenar.
Framsyninga er gjennomarbeidd og har ei klar tredeleing. Ein fin, passe uhøgtidleg start med begge på scenen. Eit mellomparti der dei begge får ein god porsjon åleine-tid med publikum, før dei syr det heile saman, og avsluttar med ein slags årskavalkade over kva som har skjedd i Os og Fusa det siste året.
Best i bygda
For underteikna fungerer det aller best i siste del. Duoen tek mange av årets hendingar på kornet og er passe giftige på vegner av politikaranes meir eller mindre heldige episodar det siste året. Thomas Helgesen og Jan Helge Corneliussen er bygdas beste humor-par, og kanskje nett difor er det eg vågar meg til å pirka litt i køyreplan og «sending». Dei kunne kanskje korta bittelitt ned på solo-stand-upen og løyst opp med noko musikk.
Publikum som hadde funne vegen frå vorspielet såg uansett ut til å sluka alle innslaga. Her kunne ein fråts i verbal, og til dels - kanskje det eg sjølv ler litt mindre av - humor under beltestaden.
Gode på mimikk
Ein må berømma duoen for alle temaa dei klarar å få med. Ein ting dei begge er blitt veldig gode på med åra, er mimikk. Det er svært effektfullt når dei har levert replikken, følgjer opp med stille, før dei stirrar ut i lufta og simulerer utsagnet med grimasar og blikk. Her treffer dei begge to.
Og i solo-delen har dei begge sine verkeleg gode stunder. Thomas når han snakkar om sin betre halvdel og hennar observasjonar og idear etter å ha komen heim frå klubb. Eller korleis familien nærast vart Nille-omane etter å ha måtta laga fire pakkekalendrar kvar desember fordi dei tilfeldigvis har fire born. Lærar Jan Helge om elevanes evner i forminga.
– Eg har eit val, skal det bli for jævli, eller sånn noko lunde, innleiar Jan Helge, før han til slutt konkluderer med at han har laga halvparten av alle skjerebretta som ligg under julegrana i Varåsen-området i år.
Skråblikk på fusingar
I avslutningsdelen er dei som sagt veldig gode. I tillegg til herlege metaforiske bilete av korleis ordførarane har køyrd russebussen og korleis Trine Lindborg vil handla med Nøttseter, Lekven og Leigland på Lagunen. Teiknar dei også fortreffelege bilete av fusingane. Korleis osingane ser dei, og korleis dei ser osingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Trump ville kjøpa Grønland. Me FEKK Fusa, humrar Thomas, og held fram:
– Fusa er stå stort at det kunne fylt ein heil sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».
Juletradisjon er byrja
To Vitse Menn-framsyninga er på alle måtar ein suksess. Ein tradisjon mange vil håpa er komen for å bli. Duoen Helgesen og Corneliussen fyller sju framsyningar på Baronessen med over 120 publikumarar på kvart show. Gutane hadde nærast vunne før dei hadde byrja. No har dei spelt tre framsyningar og vist at dei svarer til forventningane. Me får håpa me ser dei i desember også neste år.