Snudde 0-2 til 3-2 i Haugesund
Os tok tre poeng i eit høgdramatisk oppgjer mot Haugesund 2 i går kveld.
Etter ein fantastisk start på hausten, med sju sigrar på rad, var Os litt på nedadgåande kurve med eitt poeng på dei to siste kampane. Men i går reiste dei seg meisterleg.
- Me var solide gjennom heile kampen. Dei var heldige med det første målet. Så gjekk dei opp i 2-0. Det er mentalt tøft å hamna under 2-0, men desto meir imponerande er det å snu kampen. Me er gode for tiden, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
To straffebom
1-0 kom om lag halvvegs ut i første omgang. Det var det eineste målet før kvilen, men begge lag hadde gode sjansar til å skåra. Blant anna kvart sitt straffespark. Os-keeper Frode Øvredal redda Haugesund 2 sin straffe, medan Tiago Ribeiro missa for Os.
Fine skåringar
Ti minutt ut i andre omgang auka heimelaget til 2-0. Men Os svarte ikkje lenge etter. Reduseringa kom frå Rafael Villén.
- Eit herleg frispark-mål, seier El Fakiri og held fram:
- Frå om lag 20 meter curla Rafa ballen over muren og i mål, seier Os-trenaren.
Same mann stod for utlikninga. Høgt press frå Os gjorde at dei vann ballen, og åleine med keeper gjorde ikkje Villén noko feil.
- 3-2-målet var også ei flott skåring. Endre Brenne kom rundt på sida, og fann Stian Lunde mellom stopparane til Haugesund 2. Lunde tok ned ballen på kassen, og sette ballen i mål, seier El Fakiri.
Ville visa kva han står for
Heilt på tampen fekk heimelaget sjansen frå krittmerke nok ein gong. Os-kaptein Torkel Hjertnes vart utvist, sjølv om han ikkje var involvert i situasjonen.
- Det kokte godt på slutten, seier Øvredal og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var Håkon Kvittingen som var involvert i straffe-situasjonen, men han var ikkje borti Haugesund 2-spelaren. Det sa også Haugesund-spelaren til dommaren. Så fekk Torkel det sitt andre gule kort, sjølv om han ikkje var involvert. Heilt absurd.
Øvredal tok ansvar, og redda sin andre straffe for kvelden.
- Det har vore ein tøblete haust med lite speletid. Eg ville visa kva eg står for. Det å redda to straffespark i éin kamp er nokso surrealistisk. Det var ein av dei kjekkaste kampane eg har spelt nokon gong, seier Øvredal.
Vil klaga på det raude kortet
Os-keeperen meiner den første strafferedninga var mest imponerande. Då var han heilt ute i hjørne og plukka ballen. På det andre forsøket stod han lenge, og når han kasta seg let han beina hengja igjen, slik at han fekk redda med beina.
- Glenn Krossøy kom inn for å klarera etter redninga, men han vart takla og me fekk frispark, så me kunne pusta letta ut. No ser me fram mot Vaulen-kampen fredag. Me kjem nok også til å klaga på det raude kortet til Torkel, slik at han kan spela til helga, seier Øvredal.