Her vert den mistenkte frakta til Bergen for avhøyr.
Her vert den mistenkte frakta til Bergen for avhøyr.

Har pågripe antatt brannstiftar

Politiet har pågripe personen dei antar står bak innbrot og brannstifting i Eikelandsosen i Fusa i natt.

Politiet meldte i natt på Twitter at det i samband med innbrot i bustad var gjort forsøk på å stifta brann.

Politiet meldte samstundes ein bil stolen, ein Toyota Corolla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Observante tipsarar meldte frå om bilen, og politiet kunne pågripa den mistenkte.

No vert mannen, som skal vera ein kjenning av politiet, frakta til Bergen for avhøyr, og det vert jobba med å sikra dei spor som ein kan, opplyser operasjonssentralen i Hordaland.

Bebuaren, ein 90 år gamal mann, skal ha vakna av brannvarsleren og skal sjølv ha sløkt brannen.

Det skal ha vore to branntilløp i dette huset i natt.
Det skal ha vore to branntilløp i dette huset i natt.

Mannen er køyrd til legevakt, men skal ikkje ha fysiske skader.

Påsett to stader

Vakthavande brannbefal ved Fusa brann og redning, Øystein Havsgård, var på plass i 90-åringens bustad i Eikelandsosen sentrum like etter klokka 05.30 i morges.

- Eg vart oppringd av ambulanse-tenesta og beden om å sjekka at det ikkje lenger var fare for brann i huset. Då eg kom fram, var 90-åringen på veg til å bli bortkøyrd for ein nærare helsesjekk hos lege, fortel Havsgård.

Like etter fann han to plassar der det hadde vore tilløp til brann.

- Det hadde ikkje brunne mykje, men begge tilløpa var store nok til at huset kunne ha teke full fyr om ikkje bebuaren hadde vakna og fått sløkt så tidleg som han gjorde, seier Havsgård.