- Folk kjem til oss, og då kan ein ikkje starta diskusjonen med at me ikkje har kapasitet. Då treng ein større tiltak og det har me råd til. Me er moralsk forplikta til å satsa på dette, meiner professor emeritus Halvdan Eikeland.
- Folk kjem til oss, og då kan ein ikkje starta diskusjonen med at me ikkje har kapasitet. Då treng ein større tiltak og det har me råd til. Me er moralsk forplikta til å satsa på dette, meiner professor emeritus Halvdan Eikeland.

Ein utflyttar vender heim

Ei skilsetjande hending under andre verdskrig skulle vera med og staka ut yrkesvegen til professor og heimvendt fjording Halvdan Eikeland.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

På eldredagen i Fusa heldt professor emeritus Halvdan Eikeland føredrag over temaet «Kva lærte me om krigen på skulen, og kva lærer barneborna våre i dag»? Os & Fusaposten fekk koma på besøk laurdagen etter.

Huset me skal til er lite og smørgult. Det ligg kloss i vegen midt mellom ein venstre og ein høgre sving og kjem alltid like overraskande. Mannen i døra er imøtekomande og har eit fast handtrykk. Innanfor i gangen er det ei marmorert trapp og innfellingar i dørene. I stova er det både gamalt og nytt.

- Malvin på Luo har lagt nytt golv, fortel Eikeland.

Gamal salong, svart-kvittfoto på veggene og på stasveggen eit skilderi av Eggenipa, fjellet i Breim der mora kom frå. I andre stova står ein svart Gibson-gitar.

Gardagut

- Ja, no må du forsyna deg, om det er noko du vil smaka på, seier han då me har sett oss ved vindaugo mot fjorden der det står pyntegjenstandar i farga glas. Han skjenkjer kaffi i koppar frå ei anna tid.

Bestefaren kom til Austestad som dreng. Han skreiv seg for Skaathun til han bygsla småbruket Vikjo som låg under Eikeland.

- Naboen sa det at "Du må ikkje la besten din arbeida åleine, no må du hjelpa han". Eg kjende det som ei plikt, eg skulle vera ein flittig gardagut. Og det ligg i meg enno.

Stappa fullt

- Det var på mange måtar dei viktigaste åra i livet mitt, seier fjordingen som har budd mesteparten av livet i Tønsberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg opplevde det som Vesaas kallar "det store spelet": Årssyklusen, dyr, slått og slakt, seier han.

Detaljane er enno svært levande. Korleis ein stein såg ut, kor det var mjukt og hardt gras, fiskeplassane. Dei hadde to kyr, gris, høns og sauer. Om somrane gjekk mora og tanta til Mjelkesmyro langt oppe i marka for å mjølka.

Det var Halvdan, systera Erna, mor og far, tante Ingeborg og besten som budde i det vesle huset. På bursdagane til besten og faren, 18. og 19 juli, kom heile slekta frå Oslo og det var folk på sofaane i stovene og på alle kammers i huset. Den eine onkelen arbeidde for Widerøe og den andre på Statsbanenes hovedkontor.

- Det var stappa fullt. Eg skjønar ikkje korleis ein fekk plass til alle, hugsar Eikeland.

Tyskaren på døra

Eit minne sit som spikra.

- Eg må ha vore ein tre år gamal. Eg ville sova middag som dei vaksne og hadde stilt opp nokre stolar på kjøkenet som eg hadde lagt meg under. Og så bankar det på døra. Utanfor stod det ein tysk soldat. Eg hadde høyrt så mykje stygt om tyskarane så eg skreik opp. Mor kom ned og tyskaren, ein ung soldat, han var så lei seg og strauk meg over håret, han hadde banka på for å spørja etter poteter. Dette sit djupt i meg, fortel Eikeland.

- Eg har fleipa med at dette er grunnen til at eg tok doktorgraden om historie og demokratisk danning i Tyskland etter krigen.

Kloke hovud

På sørsida av Eikelandsfjorden er det tett mellom dei glupe hovuda. Innanfor der me sit voks professor Hallvard Vindenes opp, og utanfor trødde overlege Harald Sandvik sine barnesko. Berre for å ha nemnt to.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å vera ærgjerrig låg vel i miljøet. Ein skulle vera flink i skulen og komma seg fram.

Dei hadde Simon Midttun som lærar. Han hadde site på Grini under krigen, noko han ikkje fortalde noko om.

- Det var streng disiplin, men han gav oss god leseopplæring, fortel Eikeland, som sjølv var mest oppteken av landkunne.

Radikal statsminister

Det vart realskule i Øystese, ettermiddagsskule på Hordaland fylkeskommunale gymnas, geografistudium i Oslo, hovudfag historie i Bergen med hovudoppgåve om Gunnar Knudsens økonomiske politikk.og norsk i Oslo.

- Knutsen var statsminister frå 1908 og svært radikal for si tid med konsesjonslovgjeving, tvungen voldgift, dei kasperske barnelovene (at "uekte barn" hadde rett til arv), fortel den engasjerte fjordingen.

Han jobba seinare med historie- og historieformidling til lærarstudentar i mange år,

Mangfald og idealisme

Eit spørsmål han har vore oppteken av er korleis historie kunne bidra til å skapa eit demokratisk Tyskland etter krigen. Om dette tok han sin doktorgrad i 1999.

- Her er det svært motstridande syn. Min konklusjon er at historie kan framstillast einsidig og misbrukast, slik Hitler og Stalin gjorde. Men ved å få forståing for mangfaldet i eit samfunn, kan ulike syn møtast og brytast. Her heime blir andre verdskrigen fortalt på ein annan måte no når me har fått han på avstand. Det ein kjempa for den gongen, står fast, men ein lærer seg også korleis verda såg ut for den tapande parten. Det var ikkje berre egoisme, det var også idealisme. Som eg var inne på i føredraget mitt på eldredagen, så er det eit hovudpoeng at elevane i grunnskulen og vidaregåande skule gradvis skal få augo opp for at historia kan forteljast på fleire måtar, seier Eikeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Æresdrap

Men om mange ting er sant samstundes - er det ikkje fort gjort at alt blir sant og difor ingenting sant?

- Det argumentet kjenner eg att frå eigne studentar. Då seier eg at me ikkje må gløyma at me har grunnleggjande verdiar. I vårt samfunn er menneskerettane absolutte. Ein kan ikkje relativisera kunnskapen slik at alt blir rett, seier professoren.

Han har vore oppteken av innavndringsproblematikken i mange år.

- Me må forstå at det kjem menneske til oss med eit anna trussystem enn oss. Og me er forplikta til å gje dei plass også til sin religion. Men når det gjeld sharialovgjevinga med sitt kvinnesyn og æresdrap - då strittar eg imot. Det er grenser for kva ein kan godta i eit demokrati, meiner Eikeland.

Grensa for ansvaret

- Finst det nok takhøgd i innvandringsdebatten?

- Det er fleire sosialantropologar som har endra sitt syn på kulturrelativisme. Fredrik Barth og kona hans Unni Vikan er eit døme på dette.

Kor går då grensa for kva som er land som Noreg sitt ansvar?

- Folk kjem til oss, og då kan ein ikkje starta diskusjonen med at me ikkje har kapasitet. Då treng ein større tiltak og det har me råd til. Me er moralsk forplikta til å satsa på dette. At private tek ansvar er ikkje nok, her må politikarane ta ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dusj og seng

Eikeland meiner at ein på sikt kan få det ein kallar struktur-fascisime: Med større arbeidsløyse kan svake grupper bli sette opp mot kvarandre i politikken. Det har skjedd før og ein ser også tendensane no.

- Men her og no treng dei som kjem det heilt elementære: Å kunna dusja og ei seng å sova i. Mange av dei som kjem er høgt utdanna, og dette er ein kompetanse me treng om me skal få til vekst framover, meiner han.

Hjartebarn

- Er det noko professoren skulle gjort meir av?

- Afrika har alltid vore hjartebarnet mitt, fortel han.

Han har hatt fleire reiser til Kenya og Tanzania i jobbsamanheng. Spesielt har han sett på økonomisk utvikling etter 1960. Det skjer mykje positivt. Noko nytt er at Kina har fått fotfeste på det afrikanske kontinentet, men ein del forskarar meiner at det er meir av eit gi-og-ta forhold enn ein kanskje fryktar.

Litteraturen derifrå har også vore viktig.

- Det er interessant å sjå korleis litteraturen kan vera med på å auka sjølvrespekten. Eit døme var den nigerianske forfattaren Chinua Achebe og romanen «Mønsteret rakner», som også finst på norsk. Boka skildrar korleis kolonialismen braut med tradisjonelle verdiar, noko Achebe skildrar på ein veldig fin måte.

Utan ord

Halvdan har brukt meir og meir tid i Fjorden etter at han vart pensjonist. Det er alltid ting som skulle vore gjort både ute og inne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han snakkar om mora. Synneva-i-Vikjo, som var heimeverande og styrte med det meste når ektemannen var på arbeid som disponent i margarinfabrikken Viking ved Koldalsfossen. Halvdan og systera byttest på å "gå med maten" når faren hadde ein times pause midt på dagen.

- Mor var ei god mor. Ho var snill og eg opplevde aldri at ho og far veksla eit vondt ord. Blir nesten litt rørt når eg fortel om det, seier han.

- Besten sa nærast aldri noko, men me fekk ein slik stille kontakt. Og eg veit han sette pris på meg til det siste. Ord - dei seier ofte lite.