Rådmann Knut Terje Rekve presenterte i kveld budsjettforslaget for kommunestyret.
Rådmann Knut Terje Rekve presenterte i kveld budsjettforslaget for kommunestyret.

Os på innvandrartoppen

Ingen andre kommunar i Hordaland (unntatt Bergen) har så stort innslag av personar med innvandrarbakgrunn som Os. For økonomiens skuld vonar rådmann Knut Terje Rekve at dei vert verande.

Denne bodskapen vart framført av rådmannen då han la fram budsjettforslaget for neste år tysdags kveld.

- Fødselstala i Os har vore merkeleg stabile i mange år på pluss/minus 250 born. Dette er dei lågaste tala relativt i fylket. Det som gjer at Os kommune til ein av dei raskast veksande kommunane i Hordaland er difor tilflytting. Og det er ingen av dei andre kommunane der så stor del av folket har innvandrarbakgrunn, sa Rekve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje tal frå SSB har 11,4 prosent av innbyggjarane innvandrarbakgrunn i Os, samanlikna med 9,9 prosent i Fjell, 8,6 prosent i Askøy og 8 prosent i Meland.

Fryktar for utvandring

Dei største folkegruppene i Os er polakkar og litauarar, med høvesvis 444 og 324 personar med bustadadresse Os. For kommuneøkonomien er det positivt at desse kjem. Årsaka er at høg folkevekst gjev vekstkommunetilskot. I år får kommunen tilført 11,9 mill. kroner pga høg folkevekst, og til neste år får me 10,9 mill. kroner.

- Me må følgja nøye med på kva som skjer dersom arbeidsmarknaden vert dårlegare, og mange vel å reisa tilbake til heimlanda sine. Det kan få konsekvensar for vekstkommunetilskotet. Men dessverre er SSB så seint ute med å rapportera - det kan gå eit kvart år til eit halvt år før me får med oss kva som er i ferd med å skje, sa Rekve.

Han bad difor kommunestyrets representantar om å rapportera det inn dersom dei registerte at mange av innvandrarane tok til å returnera til heimlandet.

- Då er tida for å ropa varsku, sa Rekve.

Flyktningespørsmålet

Det høgaktuelle spørsmålet om kor mange flyktningar Os bør ta i mot, ville Rekve ikkje meina noko om. Men i framlegget til budsjett og økonomiplan hadde han ikkje budsjettert med den sterke veksten ein kan forventa ut frå lovnader gjeve i valkampen. Rekve nøydde seg med å konstatera følgjande:

- På bakgrunn av det store talet på innvandrarar, og eit ønskje om å integrera dei så godt som mogleg i Os, har ein vore varsam med å ta inn store grupper asylsøkjarar og flyktningar. Våre tenester er dimensjonerte i høve det talet som er vedteke (15 per år). Ein auke vil krevja utbygging av tenester og tilsette, og kor mange Os skal ta i mot er eit politisk spørsmål, skriv Rekve i budsjettframlegget.

Fleire 80+ enn nye ungdomsskuleelevar

Eit anna litt underleg fenomen med Os som vekstkommune er at gjennomsnittsalderen er på veg opp. Frå 2013 var den typiske osingen 36,9 år gamal, medan han i 2014 var blitt 37,1 år gamal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er atypisk i forhold til andre vekstkommunar. Det kan vera minst tre forklaringar på det, begynte rådmannen før han la ut.

Os kommune hadde ei kraftig tilflyttingsbølgje på 70-talet. Desse har no nådd ein ganske høg alder, slik at dei over 80 år veks kraftig.

- I åra som kjem er veksten dobbelt så stor blant dei som er 80 pluss målt i forhold til dei som skal begynna på ungdomsskulen, sa Rekve og la til at det difor er ei heilt riktig prioritering å byggja ut på Luranetunet.

At tilflyttarane ikkje er av dei yngste er ei anna forklaring rådmannen trekkjer fram, og dessutan er fødselstala relativt låge.

Veksten i spesielle innbyggjargrupper krev omstilling i Os kommune. Rådmannen oppsummerer det slik: "Folkeveksten krev tilrettelegging for tenester og infrastruktur, men og kompetanse når det gjeld planlegging og styrking av administrasjonen".

«Os og Fusaposten» kjem tilbake med meir frå budsjettforslaget i tida framover.