Jeanett Kallekleiv må nesten klypa seg i armen kvar dag ho går på jobb. - Eg synest det er så kjekt å ha eigen butikk. Eg berre diggar å gå på jobb - kunne vore her heile tida, smiler 23-åringen.
Jeanett Kallekleiv må nesten klypa seg i armen kvar dag ho går på jobb. - Eg synest det er så kjekt å ha eigen butikk. Eg berre diggar å gå på jobb - kunne vore her heile tida, smiler 23-åringen.

Pangstart for Borgvêr

- Responsen har vore over all forventning. Osingane vil meg vel, seier Jeanett Kallekleiv, halvanna veke etter opninga av Borgvêr.

Det er kanskje tidleg å konkludera, men tendensen er vel verd å gleda seg over for butikkinnehavar Jeanett Kallekleiv. Interessa for hennar nye butikk i Tønjumgården har vore fenomenal.

- Det har vore litt av ein pangstart. Berre på opningsdagen hadde bortimot 300 folk innom, og i dagane etter har det vore jamt tilsig med kundar, spesielt på ettermiddagane, konstaterer 23-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lys og varme

Vel viten om at kundetrøkket også vil variera for henne, er ho sterk i trua på at klesbutikken ho har starta er liv laga.

- Eg var førebudd på at det kunne vera stilt på dagtid, men eg var likevel fast bestemt på at det var i Os sentrum at eg ville starta butikk. Litt av grunnen er at eg har ein sterk kjærleik til bygda. Ein annan ting er at eg ser potensialet for meir og betre sentrumshandel i Os i åra framover.

Ho jobbar mykje, og ho elskar det.

Lukkeønskingane straumar framleis på for Jeanett Kallekleiv. Måndag var Berit Solberg innom med ein blomebukett til den unge butikkeigaren.
Lukkeønskingane straumar framleis på for Jeanett Kallekleiv. Måndag var Berit Solberg innom med ein blomebukett til den unge butikkeigaren.

- Eg er arbeidsnarkoman, og har alltid vore det. Når eg no har min eigen butikk byr det meg ingenting imot å ha lange dagar. Eg diggar å vera i butikken, ler Jeanett.

- Ettermiddagane og kveldene er dei beste.

- Eg vel blant få i Os som har kveldsope kvar dag. For å visa folk at det er liv køyrar eg på med mykje lys. Mykje lys og varme for å visa at det er ope, humrar ho.

Fleire gratulasjonar

Jeanett har fått mykje støtte og lukkeønskingar dei siste vekene. Sjølv halvanna veke etter opninga vankar det blomebukettar til den blide butikk-gründeren.

- Hei, Jeanett. Eg måtte berre stikka innom å gratulera deg med butikkopninga di. Du skjønar eg var bortereist då du opna, så no syntes eg du fortente ein liten blome og ei helsing, sa Berit Solberg, då ho stakk innom måndag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Butikkeigaren er likevel klar over at det er den vanlege kvardagen ein skal leva av. Jeanett er innstilt på å jobba og læra.

- Det å lukkast på lang sikt vil handla om å gjera seg tilgjengeleg så ofte som ein kan, og å læra seg å kjenna marknaden. Alt no ser eg jo tendensen til kva osingane vil ha meir og mindre av i tida framover.

Kjæraste i Danmark

All jobbinga tek tydelegvis ikkje på. 23-åringen er full i energi, og ser ikkje for seg å jobba kortare dagar i tida framover.

Kjærasten, Hjellestad-guten, Marius Amundsen Myre, har ikkje klaga til no.

- Det er ikkje så rart. Han studerer i Danmark, så han merker ikkje så mykje til at eg jobbar lange dagar. Det blir nok verre når han flyttar heim, ler ho.