Frå venstre Marte Ekeberg Klippen, Alvilde Hellebø, Anni Skåtun, Helene Almås Aase og Asora Hellebø, som gjorde heiderleg innsats. Reidar Nymark var ikkje tilstades då biletet vart teke.
Frå venstre Marte Ekeberg Klippen, Alvilde Hellebø, Anni Skåtun, Helene Almås Aase og Asora Hellebø, som gjorde heiderleg innsats. Reidar Nymark var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Medaljeras i NM

Ein noregsmeister og fleire pallplasseringar vart resultatet for Fusa Karateklubb under helgas NM.

Fusa karateklubb gjorde ein solid innsats då dei laurdag deltok i NM i JKA-karate i Bergen.

Anni Skåtun (16) kom heim som fersk noregsmeister i kata (mønster), jenter dan 16.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg innkasserte ho sølvet i lagkumite (lagkamp) saman med lagveninnene Alvhilde Hellebø og Marte Ekeberg Klippen.

Helene Almås Aase tok bronse i kumite.

Fusa karateklubb hadde seks av sine utøvarar med i tevlinga, som hadde totalt 240 deltakarar.

Søskenparet Benjamin Skåtun og Lena Skåtun tok til saman fem gull og to sølv under helgas NM. I tillegg vart dei kåra til stemnets beste mannlege og kvinnelege utøvar.
Søskenparet Benjamin Skåtun og Lena Skåtun tok til saman fem gull og to sølv under helgas NM. I tillegg vart dei kåra til stemnets beste mannlege og kvinnelege utøvar.

Noregsmeisterskapen i JKA-karate vart halden i Bergen, og Arne karateklubb var teknisk arrangør.

I tillegg til dei aktive medlemene i Fusa karateklubb, gjorde to tidlegare medlemer i klubben det svært godt for sine nye klubbar.

Benjamin Skåtun (dan senior) tok gull både i kumite og lagkumite, samt sølv i kata.

Søstera Lena Skåtun (dan senior) følgde opp med heile tre gull og eitt sølv - nemleg gull i kumite, lagkumite og lagkata og sølv i kata.

På toppen av dette vart Benjamin og Lena kåra til høvesvis beste mannlege og beste kvinnelege utøvar på stemnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I videoen ser du Benjamin Skåtun under ein av helgas kampar. Videoen er frå innleiande runde som han vann med teknikken ushiro-geri.