Alcir Souza har budd om bord i seglbåten «MS My Way» i snart to år. Ifølgje brasilianaren er båtlivet heilt topp. - Det gjev meg fridom, seier han. Her saman med tidlegare eigar Kjetil Hauge (t.h.).
Alcir Souza har budd om bord i seglbåten «MS My Way» i snart to år. Ifølgje brasilianaren er båtlivet heilt topp. - Det gjev meg fridom, seier han. Her saman med tidlegare eigar Kjetil Hauge (t.h.).

Brasilianar med sjøbein

Alcir Souza kjem opphavleg frå Brasil, men har budd utanlands i ei årrekkje. Dei siste åra har han levd om bord i ein seglbåt i Strandvik.

- Å bu i ein båt er ein eigen livsstil. Over heile verda finst det folk som bur om bord i båtar. Til og med vikingane gjorde det, seier Souza og legg til:

- Livsstilen gjev meg fridom. Likar du ikkje naboen. Det ville uansett ikkje ha skjedd i Strandvik, men sett at du ikkje likar naboen, så er det berre å segla av garde, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eit godt liv

Kjærleiken førte brasilianaren til Strandvik. Sidan har han blitt verande.

- Eg likar både staden og innbyggjarane. Folk lever sine eigne liv, og let andre gjera det same. Det set eg pris på, seier han.

I den 32 fot store seglbåten «MS My Way» har Souza alt han treng: Lys og varme, vaskemaskin, tørketrommel og dusj.

- Det er meir enn nok plass her for ein person, seier han.

Brasilianaren ser faktisk ingen ulemper ved å bu på sjøen.

- Det er eit godt liv. Eg søv som ein baby. Dessutan er det billig. Å bu om bord i ein båt kostar berre ein brøkdel av det ein elles måtte ha betalt for å bu i Noreg. A perfect package, meiner Souza.

Lengtar ikkje heim

Brasilianaren arbeider offshore som dykkar. Han veit enno ikkje om han får permanent opphald i Noreg. Dersom ikkje, flyttar han truleg attende til USA eller Canada.

- Eg har budd 11 år i Alaska, så vintrane på Vestlandet er eigentleg ganske komfortable. Som dei seier i Noreg: Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede, seier han og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heimlandet kjem han uansett ikkje til å flytta attende til.

- Eg reiste frå Brasil for veldig mange år sidan. Eg har vore tilbake, men eg vert alltid skuffa. Du treng ikkje reisa heilt til Brasil for å finna sol og varme. Spanskekysten er mykje betre, seier eventyraren, som meiner Noreg er verdas vakraste land.

Planlegg langtur

Dei neste månadene planlegg Souza å dra på langtur med seglbåten. Planen er oppleva meir av Noreg.

- Eg dreg nordover så får eg sjå kor langt eg kjem. Sommaren er kort i Noreg, men intensjonen med turen er å vera borte i alle fall i nokre månadar, fortel han.

Skipsforlis

Då Souza kjøpte «MS My Way» for nokre år sidan, segla han frå Bremanger til Strandvik. No vil han sjå meir av landet, og ein av stadene han planlegg å besøka er øya Runde utanfor Ålesund.

På sjøbotnen utanfor øya fann tre sportsdykkarar mellom 30.000 og 40.000 gull- og sølvmynter på byrjinga av 1970-talet. Funnet stamma frå det nederlandske skipet Akerendam, som forliste på nordspissen av Runde i 1725.

- Eg har høyrt at det er ein fantastisk stad å dykka. I tillegg har eg lyst til å læra folka som bur der å kjenna, seier Souza.

- Eg er veldig glad i å fotografera og filma, så det vert nok ein del bilete av den fantastiske utsikta i Noreg på turen også, fortel han.