Rådmannens siste ønske

Den avtroppande rådmannen Knut Terje Rekve oppfordrar politikarane til å halda seg til kommunale kjerneoppgåver.

Øystein Lid

ol@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I den truleg siste tertialrapporten Knut Terje Rekve kjem med som rådmann, kjem han med nokre råd til politikarane ut frå at gjelda til kommunen berre veks og veks i takt med stadig nye investeringar.

- Det er ingenting som tilseier at behovet for investering i infrastruktur (skular, vegar, m.m.) vil avta dei næraste åra. Eit val kommunen kan gjera, for å skaffa seg eit visst handlingsrom, er å gje tydelege signal om at investeringar må avgrensast til reine kommunale kjerneoppgåver. Det betyr nei til forskotteringar og umiddelbar vidare utbygging av kultur og idrettsbygg, skriv Rekve.

Han legg til at det er lettare å forsvara kamp om treningstid i overfylte gymsalar enn dårlege skulebygg. Dermed legg rådmannen opp til ein ny diskusjon om den planlagde nye idrettshallen på Kuventræ.

Ber politikarane slutta med ukritisk utbygging

Vidare ser rådmannen eit problem med Os kommunes ja-praksis i utbyggingspolitikken. Problemet er at infrastrukturen ikkje heng med når han skal tena fleire innbyggjarar.

- Eit problem kommunen har, grunna omfattande utbygging der infrastrukturen ikkje er tilfredsstillande, er store etterslep t.d. i samferdslesektoren. Mykje av utbygginga kan naturleg stogga opp då vegnettet når ei mettingsgrense med den standard dei har i dag. Utbygging bør difor framover fortrinnsvis skje der infrastrukturen er tilrettelagt, eller der utbyggjar byggjer ut denne, heilt eller delvis, skriv Rekve.