EI mørk lyspære mellom Venjaneset og Eikelandsosen blei skifta raskt ut takk vere Facebook-tips.
EI mørk lyspære mellom Venjaneset og Eikelandsosen blei skifta raskt ut takk vere Facebook-tips.

Fekk Facebook-hjelp til lyspæreskift

Veglys som ikkje verkar kan vera til stor frustrasjon midtvinters. Og når ein ikkje veit kvar ein skal venda seg er det godt det er hjelp å få. På Facebook.

På Facebookgruppa «Kvardagsprat i Fusa» løyser medlemmene både små og store verdsproblem.

Eit av spørsmåla som var oppe nyleg var korleis ein melder frå om veglys som er i ustand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var Kristine Gjerdevik som stilte spørsmålet "Kven er det som har ansvar for å skifta lyspærer i veglysa langs hovudvegen mellom Venjaneset og Eikelandsosen?"

Og ho fekk gode svar.

Rapportera til kraftlaget

Blant dei frå Kathrine Brendeland som linka til Fusa Kraftlag sine nettsider, der dei har ei eiga side tileigna rapportering av feil på veglys.

På kraftlaget si heimeside har dei laga eit skjema ein kan fylla ut og senda inn, eller eventuelt ringa dei direkte.

- Hugs at dersom dette er eit privat veglys på målar, vil rekning bli sendt til eigar når arbeidet på veglyset er fullført. Gjeld dette eit privat veglys utan tilknytta målar, er vedlikehaldskostnaden inkludert i fastbeløpet ein betalar ein gong pr. år, minnar kraftlaget om.

Vart fiksa dagen etter

Som kommentar under Gjerdevik sitt innlegg på Facebook låg Brendeland også til litt skryt:

- Det er berre å kontakta dei der, så ordnar dei det ganske raskt.

Dette kunne Gjerdevik stadfesta få dagar seinare.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg meldte frå 12. januar og dagen etter blei det fiksa. Kjempegod service, skriv ho.

I tillegg kom eit tips frå Peter-Hans de Zwarte.

- Eit lite tips til alle som ringer oss på kraftlaget om mørke vegljos: det står eit nummer på kvar stolpe, om de vidareformidlar dette nummeret til oss veit me 100 prosent sikkert at me byter riktig pære.