Vassendgutane laga god stemning i samfunnshuset i Eikelandsfjorden.
Vassendgutane laga god stemning i samfunnshuset i Eikelandsfjorden.

Herleg bygdakveld med Vassendgutane

300 fusingar hadde ein fortreffeleg kveld då Vassendgutane spelte i Fusa samfunnshus i helga.

Det er gått ni år sidan fest-country-gutane frå Åmdalen i Ørsta sist var å spelte i Fusa. Den gong trekkte dei nok fleire folk, men ifølgje rapportane, var stemninga no fredag like god.

- Me hadde 300 og var sånn passe nøgde med det, sjølv om det nær hadde vore plass til det dobbelte, seier styreleiar i Fusa Samfunnshus, Cecilie Øpstad-Håvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho sakna spesielt folk frå Strandvik og Vinnes.

- Frå Holmefjord og Holdhus var det bra med folk, men frå Strandvik og Vinnes var det knapt nok ein sjel. Eg håpar ikkje det har noko med den derre skule-boikot-greien, seier Øpstad-Håvik.

Kjem att

Det etterspurde bygde-rock-bandet var sjølv nøgd med kvelden og kvitterte med fullt sett frå klokka elleve til halv to på natta.

300 fann vegen til konserten. Ifølgje arrangøren ville det vore plass til nær det dobbelte. (Privat foto)
300 fann vegen til konserten. Ifølgje arrangøren ville det vore plass til nær det dobbelte. (Privat foto)

- Dei synest det var morosamt å spela hos oss, og lova å koma att når dei neste gong får sjansen, fortel Øpstad-Håvik.

Vassendgutane budde stansmessig i storhytta på Skjelbreid Poirée.

Neste live-happening i Fusa samfunnshus vert andre juledag. Då vert det fullt program for dei som vil vera med.

- Då arrangerer me full pakke-kveld med middag, revy og dans. Ansvarlege for musikken til dansen vert bandet Bris, fortel Øpstad-Håvik.