Eirik Ingebrigtsen vonar romanan hans, "Spikrar frå fallande plankar", vert lest, diskutert og teken på alvor. - Vi har det så godt her i Noreg. Det er vår plikt å prøva å setja oss inn i korleis andre folk har det og prøva å hjelpa til, meiner forfattaren.
Eirik Ingebrigtsen vonar romanan hans, "Spikrar frå fallande plankar", vert lest, diskutert og teken på alvor. - Vi har det så godt her i Noreg. Det er vår plikt å prøva å setja oss inn i korleis andre folk har det og prøva å hjelpa til, meiner forfattaren.

Bed lesarane løfta blikket

Bakgrunnen for den nye romanen til Eirik Ingebrigtsen er to, i utgangspunktet, einsarta episodar. Éin i hovudstaden og éin i Ungarn. Begge gjorde forfattaren forbanna.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Oslo har ein noko som heiter Rusken-aksjonen i samband med 17. mai. Borna er alltid med og plukkar søppel i forkant av feiringa, fortel osingen, som er busett i Oslo.

Den same organisasjonen fekk i 2012 i oppdrag å rydda romcampane som hadde vorte etablerte ved Sognsvann.

- Det som opprørte meg mest var linken mellom menneske og søppel. Romfolket vart regelrett rydda bort. Og kor vart dei rydda? Til eit steinbrot på Årvoll. Der var det ein grunneigar som var grei og tok i mot dei. Til slutt vart dei jaga der i frå også. Då skaut folk opp fyrverkeri for å markera at dei var kvitt dei, fortel forfattaren.

Omtrent på same tid såg Ingebrigtsen fleire reportasjar om høgreekstremisme i Ungarn. I Ungarn er situasjonen mykje meir brutal. Her har det til og med vore tilfelle av rovmord på sigøynarar.

- Den vesle aksjonen i Noreg, og den brutale aksjonen i Ungarn, er på mange måtar uttrykk for noko av det same. Nemleg frykten, redselen og frustrasjonen overfor eit framand element, overfor eit folk som ikkje passar inn, seier Ingebrigtsen.

Helt og antihelt

«Spikrar frå fallande plankar» er ifølgje Ingebrigtsen også ein familie- og omsorgsroman. Boka handlar om Sven som tek vare på den sjuke søstera si Bett. Søskenparet bur i farfaren sitt hus.

Ein dag endrar alt seg. Tre telt og ein sigøynarfamilie dukkar opp i hagen deira. Medan Sven ønskjer å beskytta og hjelpa familien, vert Bett redd, sint og frustrert.

- Boka handlar både om å ha omsorg for sine næraste og for folk ein ikkje kjenner, seier forfattaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sven vert etter kvart med det eine familiemedlemet til Ungarn.

- Hovudkarakteren min er ikkje berre helt, han er også antihelt. Han reiser frå den sjuke søstera si fordi han ikkje orker å ta vare på ho. Han snur ryggen til henne, for å driva dugnad for nokon andre. Boka viser at det er vanskeleg å vera 100 prosent til stades, seier Ingebrigtsen.

Forfattaren meiner det er altfor mykje kvalm rundt om kring i verda. Ja, dugnadsvilja og frivilligheita er stor. Samstundes tek rasismen av på nett.

- Vi lét det skje. Vi lærer ikkje av historia. Det er mykje frykt og misforståingar ute og går, seier han.

Boka til Ingebrigtsen er på mange måtar ein sakte kommentar til situasjonen i verda i dag. Målet hans er at synet på det som er ukjent skal verta betre.

- Sjølv vert eg testa kvar dag. Ein dag møter eg tiggaren på gata med eit blikk og ein nikk, ein dag går eg rett forbi, og ein dag gjer eg han ein 20-kroning. Det er ikkje alltid like lett å møta tiggarane, men vi kan gjera meir. Vi kan strekkja oss lenger, meiner han.

Kreativ fridom

Eirik Ingebrigtsen debuterte som romanforfattar i 2001 med boka «Vesen». Osingen har også skrive «Snø dempar lyd, tre lukkar inne», «Vendrakovic», «Viddesyn» og «Heimfall. Ei juleforteljing».

I tillegg til eigne bøker, har Ingebrigtsen redigert antalogien «Respons 22/7» frå 2011 saman med Gunstein Bakke. Forfattaren vart tildelt Sult-prisen i 2013. Ingebrigtsen har arbeidd jamnt og trutt med den sjette romanen sin i tre år. I dag skal han ha ei markering på Kulturhuset i Oslo i samband med lanseringa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal ikkje berre lesa og feira lanseringa med familie og vener. Det skal også vera ein liten dugnad der ein prøver å løfta blikket litt. Pengane frå boksalet går direkte til Flyktninghjelpa. Inviterte deltakarar er mellom andre Izzet Celasin, som sjølv måtte flykta frå Tyrkia, og den austerrikske forfattaren Peter Waterhouse, fortel Ingebrigtsen.

Han ser fram til å dela tankane, ideane og språket i boka med lesarane.

- Vona er at romanen vert lest, diskutert og teken på alvor, seier forfattaren, som også ser fram til å koma i gang med eit heilt nytt prosjekt.

- Når ein er ferdig med eit prosjekt, får ein eit sug etter å skriva noko heilt anna. Alt er ope og ein har ein kreativ fridom som er heilt unik, seier Ingebrigtsen.