Klokka 08.20 kom meldinga om at brannen i bilen var sløkt og at han ikkje hadde spreidd seg.
Klokka 08.20 kom meldinga om at brannen i bilen var sløkt og at han ikkje hadde spreidd seg.

Bilbrann på Søfteland

Brannvesenet fekk like etter klokka åtte i dag tidleg melding om ein bilbrann i Internatvegen på Søfteland.

Meldinga på Twitter var at bilen står nærme eit hu og naudetatane var på veg.

Klokka 08.20 kom meldinga om at brannen i bilen var sløkt og at han ikkje hadde spreidd seg. Brannen vart sløkt av innringar, opplyser brannvesenet på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då me snakka med brannsjef Stein Gjøsund, var fyrste eining nett komen fram, og han kunne fortelja at dei som bur på adressa hadde meldt at dei hadde kontroll på brannen. Men dei ynskte at brannvesenet skulle bistå.

Ein person skal ha fått i seg litt røyk. Ambulanse er på staden.

Me kjem med meir.