Meisterskapen i Cheile Gradistei i Romania held for Femsteinevik sin del fram med sprint kl 9 laurdag og jaktstart kl 10 søndag. (Arkivfoto)
Meisterskapen i Cheile Gradistei i Romania held for Femsteinevik sin del fram med sprint kl 9 laurdag og jaktstart kl 10 søndag. (Arkivfoto)

VM-debuten unnagjort med god skyting

Skiskyttar Ragnhild Femsteinevik fekk sin debut i junior-VM i dag. Det enda med ein 27. plass.

Normaldistansen for kvinner junior gjekk av stabelen i føremiddag. Femsteinevik gjorde ein svært god innsats på standplass og trefte på 19 av 20 skot. I sporet gjekk det diverre litt for seint i dag, og Hålandsdal-løparen kom i mål 4,14 bak vinnaren Susanna Kurzthaler frå Austerrike. Kurzthaler var den einaste av løparane som skaut fullt hus.

Meisterskapen i Cheile Gradistei i Romania held for Femsteinevik sin del fram med sprint kl 9 laurdag og jaktstart kl 10 søndag. Meisterskapen vert avslutta med stafettar måndag og tysdag.