Karoline hadde ein fin tur til Danmark. Tordag køyrde ho bilcross på gøy, før ho tevla i rallycross fredag og laurdag.
Karoline hadde ein fin tur til Danmark. Tordag køyrde ho bilcross på gøy, før ho tevla i rallycross fredag og laurdag.

Køyrde i dansk meisterskap

I helga fekk Karoline Breivik for første gong prøva seg utanfor landegrensa.

- Det var ei kjekk oppleving. Diverre vart laurdagen øydelagt av ekstreme nedbørsmengder. Køyreforholda var like for alle, men me var ikkje godt nok budde. Hadde me vore klar over at det skulle koma så mykje regn, så hadde me tatt med dekk som hadde passa betre til forholda, seier Karoline Breivik.

Leirete underlag

I dei to innleiande rundane fredag kom Breivik på 6.- og 7.plass av tolv deltakarar. Strålande solskin fredag vart byta ut med mørke skyer og regn frå morgon til kveld. I det første innleiande løpet måtte ho bryta før siste runden grunna mykje vatn i motoren. Problemet vart fiksa, og ho var klar til start i siste innleiande runde. Der klarte ho å koma seg til semifinale, men finaleplassen rauk etter at ho kom på fjerdeplass. Det var nemleg berre dei tre beste som gjekk vidare til finalen. Rallycross-jenta frå Os enda på ein 7. plass totalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I semifinalen kunne eg sjå bilen som låg foran meg nesten heile vegen. Men eg kunne gjera lite for å koma meg forbi. Det gjekk nesten ikkje på fram, og om eg gassa, så berre spant eg. Dei bruker ikkje grus i Danmark, men sand, så underlaget blei leirete, seier Breivik.

Kjempar om 1. plass

No er ho tilbake i Noreg, og skal køyra dei to siste NM-rundane dei neste månadene. I Breiviks debutsesong i rallycross kom ho på 2. plass samanlagt. Ho har den same plasseringa så langt i år, bak han som vann i fjor.

- Me er vel fire som kjempar om dei tre øvste plassane. Eg håpar eg klarer å halda på 2. plassen min, eller endå betre, kapra 1. plassen, seier Breivik.