Frisør Anna Os er meir enn klar til å ta imot nye kundar i garasjen heime på Drange.
Frisør Anna Os er meir enn klar til å ta imot nye kundar i garasjen heime på Drange.

Garasjefrisør på Drange

Etter 20 år på Tojo, starta frisør Anna Os eigen salong i garasjen heime i Skjelåsen.

- Det er heilt topp å jobba heimanfrå. Om ein kunde ringer på ettermiddagen og vil ha time, kan eg gå rett frå sofaen og på arbeid, smiler Anna Os.

Då Tojo la inn årene ved nyttårsskiftet, vart Anna arbeidsledig. Den erfarne fri-søren nytta høvet til å starta for seg sjølv. Ei bu i den doble garasjen vart om-gjort til frisørsalong, og 1. februar opna ho dørene.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Etter 20 år har eg mange faste kundar som gjerne vil halde fram å gå til meg. Alt i slutten av januar begynte dei å ringa for å få time, ler ho.

Etter eit par veker i drift har ho klipt både hegglandsdølar og strøningar.

- Dei seier dei like gjerne kan ta turen til Drange som til Os. Langt er det uan-sett, seier ho.

Frisør Anna Os. Bård Sivertsen.
Frisør Anna Os. Bård Sivertsen.

Stol frå Tojo

Den vesle frisørsalongen, som er den einaste i Lysefjorden, er innreia i lyse far-gar. Sjølve frisørstolen er overteke frå Tojo, så kundane sit som dei alltid har gjort. Vasken er kjøpt brukt frå Austevoll.

- Eg håpar eg kan leva av det etter kvart. No i starten får eg litt hjelp frå NAV, men målet er sjølvsagt å få det til å gå rundt.

Anna har alt vore fleire rundar med sjølvlaga reklamemateriell i lokale post-kassar.

- Men Lysefjorden har jo blitt så stort! Det er mange fleire hus i bygda enn eg trudde, så kvar gong lyt eg heim og trykka opp fleire flygeblad, smiler ho.

Anna er opphavleg frå Polen, men har vore gift Os. Av praktiske grunnar har ho halde på etternamnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då slepp eg å stava det polske etternamnet mitt. Det skapte alltid krøll, ler ho.

Den erfarne herrefrisøren har naturleg nok mange menn i kundekrinsen, og lo-var frisørbehandling av den gamle skulen.

- Eg trimmar både skjegg og bryn i tillegg til å klippa hår. Då eg gjekk i lære i Polen, lærde vi dei gamle kunstane også, fortel ho.

Ope om kvelden

Frisørsalongen i Skjelåsen har førebels ikkje faste opningstider. Han opnar en-kelt og greitt når nokon ringer og vil ha time.

- Eg klipper gjerne hår om kvelden. Heller det enn å ha daudtid i løpet av dagen der ingenting skjer.

Februar og mars er tradisjonelt to rolege frisørmånader. Alle fiksar sveisen til jul, før dei kjem tilbake i vårmånadene. Difor satsar Anna på at det vert travlare i april og mai.

- Du saknar ikkje å ha kollegaar?

- Jau, litt. Det er eit så fint fellesskap mellom frisørane i Os. Vi hjelper kvarand-re, og har alltid vore meir kollegaar enn konkurrentar. Men samtidig så får eg dekka det sosiale behovet gjennom kundane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ektemannen Bård Sivertsen kjem innom for å få ein liten shinings på toppen. Anna svingar saksa og fiksar sveisen med litt voks.

- Ho er ein flink frisør, skryter han.

- Bård er ikkje av dei mest vågale kundane, han vil helst ha det slik han alltid har hatt det, ler ho.