Skal ha takka nei for andre gong
«Os og Fusaposten» har grunn til å tru at Terje Søviknes fekk tilbod om ministerpost både i 2013 og ved dagens rokering.
Søviknes har i tidlegare intervju kommentert at omsynet til tid med borna på åtte og elleve år har vore avgjerande for valet om å halda fram med lokalpolitisk arbeid framfor eit pendlarliv i Oslo.
No vil han ikkje kommentera dette nærare, men han skal altså etter det me kjenner til, ha fått tilbod både i 2013 og no.
Artikkelen held fram under annonsen.
Var informert
Ordføraren stadfestar likevel at han har vore informert om den interne prosessen i partileiinga i forkant av regjeringsrokeringa, men vil ikkje kommentera si eiga rolle.
- I desse prosessane er det partileiarane, Erna og Siv, som er suverene. Det er ikkje praksis å kommentera kva alternativ som eventuelt er vurderte, kven som har fått konkrete tilbod osv. Det skjer i fortrulegheit, difor vert det også så mange spekulasjonar knytt til regjeringskabalar. Etter denne prosessen kan eg i alle fall stå ved mine lovnader frå haustens valkamp om at eg blir i Os, smiler Søviknes.
Fokus på Os
Søviknes vedgår at det har vore svært hektisk og mange førespurnader dei siste dagane, men han synest samstundes det er kjekt å få lukkeønskingar og tilbakemeldingar frå kjende og ukjende om at dei gjerne skulle sett han i Oslo.
Han har då også tidlegare sagt at han liker å ha døra på gløtt for eit eventuelt rikspolitisk engasjement - når tida er moden.
- Det står eg ved. Me no vert det uansett fullt fokus på vidareutvikling av Os kommune, og prosjekta står i kø. Det er nok å nemna utbygginga på Luranetunet, Liv på Øyro-prosjektet og Lyseparken, seier Søviknes.