- Mykje fyll
Politiet i Os rapporterer om mykje fyll i helga. For mykje fyll.
- Det har vore mange folk ute i helga, og tilbakemeldinga frå dei som har vore på patrulje, er at det har vore jamt over mykje fyll, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Politioverbetjenten utdjupar:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Politiet har måtta vekka folk som ligg og søv her og der. Nokre har vi køyrt heim, andre har vi plassert i drosjar. I tillegg har det vore ein del knuffing. Vi har måtta skilja fleire personar frå kvarandre, fortel han.
Personane det gjeld er vaksne personar. Ingen har vorte melde, eller sendt i arresten, men alkoholinntaket har altså vore i overkant høgt.
- Dette er vanleg å sjå i helgane, men i helga har det vore vel mykje, seier politioverbetjenten.
Mistenkt for ruskøyring
Elles stogga politiet ei dame laurdag føremiddag som er mistenkt for å ha køyrt bil i påverka tilstand.
- Dama var køyrt til legevakta for blodprøve. Vi ventar på svar på prøva, opplyser Hadler-Olsen.
Litt seinare på dagen stogga politiet to ungdomar på ein moped.
- Det er éin for mykje. Føraren hadde dessutan ikkje førarkort, så det vert oppretta ei sak på forholdet, fortel politioverbetjenten.
Propanflaske tok fyr
Søndag ettermiddag tok ei propanflaske på fem kilo fyr i Lysefjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flaska vart kasta på sjøen. Dermed kom eigar og omgjevnader frå uhellet utan store skadar.
- Vi skal snakka med brannvesenet om saka, og undersøkja kva som har hendt, er meldinga frå politiet.