Leitemannskap og vener og kjente har søkt i Vik sentrum og dalsida innanfor. Måndag og tysdag søkte dei frå ferjeleiet på Vangsnes (oppe til høgre i bilete) og innover mot sentrum igjen.
Leitemannskap og vener og kjente har søkt i Vik sentrum og dalsida innanfor. Måndag og tysdag søkte dei frå ferjeleiet på Vangsnes (oppe til høgre i bilete) og innover mot sentrum igjen.

Truleg ikkje noko kriminelt

I følgje regionlensmann i Sogn, Arne Johannessen, er det ingenting som tyder på at det har skjedd noko kriminelt med Marita Sælen.

Tysdag heldt søket etter 46 år gamle Marita Sælen fram i Vik og områda rundt. Sjølv om det då var gått fire dagar, heldt søket fram med uforminska styrke.

- I dag har me 60-70 personar som er med og leitar etter den bortkomne kvinna. Me utvidar stadig søke-området og innsatsen for å hjelpa til er enorm, seier regionlensmann Arne Johannessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sporlaust borte

Regionlensmannen fortel at dei har forhøyrt ei rekkje personar etter at Marita Sælen vart meldt sakna laurdag føremiddag, men at det til no ikkje har leidd til spor i retning av kvar ho tok vegen, etter at ho sist vart sett på uteplassen «Dampen» i Vik sentrum.

- Den siste sikre observasjonen me har er vel klokka 02.20 natt til laurdag. Etter det er det ingen som veit kvar ho gjekk, seier Johannessen.

Han peikar på at dei må sjekka ut alle moglege scenario.

Regionlensmann i Sogn Arne Johannessen meiner det er ingenting som tyder på at det er skjedd noko kriminelt med Marita Sælen.
Regionlensmann i Sogn Arne Johannessen meiner det er ingenting som tyder på at det er skjedd noko kriminelt med Marita Sælen.

- I den situasjonen me er i no, må me halda alle moglegheitar opne. Men etter det me har funn ut til no, er det ingenting som tyder på at ho har vore utsett for noko kriminelt.

Dykkarar

Tysdag ettermiddag rekvirerte politiet dykkarar for å finsøkja hamnebassenget inne med Vik sentrum.

- Me har også hatt dykkarar i vatnet tidlegare, men då berre i vass-skorpa langs med land, seier regionlensmannen.

Tysdag ettermiddag heldt også vener og kjente fram med å søkja etter den sakna 46-åringen.

- Me er framleis mange som hjelper til. Det kjem stadig fleire vener og kjente som er med på søket. Heldigvis har me gode arbeidsgjevarar som gjev oss fri og støttar oss fullt ut i situasjonen me er i, seier svoger til den sakna, Brynjar Ulvatne.