Osing nominert til Amanda
Astrid Strøm Astrup er nominert til Amanda-pris for beste produksjonsdesign på filmen «1001 gram».
Os-kvinna er nominert i klassen for beste produksjonsdesign/scenografi saman med Tim Pannen og Alain Guffroy. Saman har dei arbeidd med Bent Hamers kritikarroste drama «1001 gram».
Produksjonsdesignaren Strøm Astrup konkurrer mot Peter De Neergaard for «Beatles» og Peter Bävman for «Her er Harold». Sistnemnde er som kjent delvis spelt inn hjå Sælen møbler på Søfteland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Flukt
Strøm Astrup har tidlegare arbeidd på norske filmar som Upperdog (2009) og Flukt (2012).
Det er fyrste gongen Os-kvinna er nominert til Amanda-prisen.
Amanda-showet går av stabelen i Haugesund 15. august.