Råkøyrar teken, hjort skadeskoten

Kveld og natt til 6. oktober var relativt roleg for Os lensmannskontor.

Øystein Lid

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no

Om kvelden fekk dei melding om at ein hjort var skadeskoten. Dyret vart med andre ord såra, men ikkje drept av jegeren. Eit ettersøk vart difor igangsett, men politiet hadde ikkje opplysningar om korleis søket gjekk.

Ulvenvegen

Kl 1.30 om natta hadde politiet trafikkontroll på Ulvenvegen. Der vart ein person gjeve forenkla førelegg for å ha køyrt i 90 km/t i 80-sona.