SFO stengjer dørene
Ved Nore Fusa - og Søre Fusa oppvekstsenter vert det ikkje SFO-tilbod til hausten. Det er rett og slett for få søkjarar.
Kommunestyret har tidlegare gjort vedtak om at det må vera åtte søkjarar eller fleire for at tilbodet skal vidareførast. Ved Nore Fusa - og Søre Fusa oppveksenter er det til saman ni søkjarar til hausten.
I formannskapsmøtet førre veke ville Birgitte H. O. Skibenes (SV) vita kva som skal til for å kunna gje tilbod til alle som ønskjer det.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sjølv om det er få søkjarar, er det ein grunn til at dei som har søkt, har søkt. I Nore Fusa er det mange pendlarar. Desse vil få problem med å få kvardagen til å gå opp utan SFO-tilbod, sa Skibenes og presiserte at ho sjølv ikkje har søkt.
Ifølgje SV-politikaren vil det kosta kommunen om lag 234.000 kroner å halda fram tilbodet ved dei to skulane. Skibenes undra om politikarane var villige til prioritera tenesta, og "leita"etter pengane.
- Spørsmålet er om tilbodet skal vera det same for alle, uavhengig av kvar i kommunen ein bur, eller om ein skal bruka stenginga som eit tiltak for å halda kostnadene i undervisingseininga nede, sa Skibenes.
Må spara pengar
I tertialrapporten frå 1. mai går det fram at undervisingseininga "håpar på å halda ramma" ved å gjennomføra fleire tiltak. Tiltaka innber mellom anna å avvikla ei 100 prosent lærarstilling hjå Vaksenopplæringa, å ikkje setja inn vikar ved kortidsfråvere og å ikkje ha SFO-tilbod i Nore Fusa og Søre Fusa.
- Konsekvensen er større grupper i vaksenoppplæringa både for framandspråklege og flyktningar og at skulane ved kortidsfråvere må gå fra å gje undervising til å halda tilsyn med elevane, heiter det i rapporten.
Undervsisingseininga peikar òg på at skulane har svært knappe rammer til å utføra lovpålagde tenester, og skulefritidsordninga i Fusa har eit noko høgt forbruk.
- SFO-tilbod med få elevar, eller elevar med særleg trong for hjelp, har problem med å halda rammene, kjem det fram i rapporten.
Debatt på avvege
I Fusa er skulane etablerte som oppvekstsenter med skular og barnehagar "vegg i vegg". Margunn Y. Samnøy (Sp) lurte på om born som er avhengige av SFO ikkje kan vera i barnehagane i staden. Men i barnehagane er kapasiteten sprengt allereie.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Rammene må opp, anten ein gjer det slik eller slik. Vi kan ikkje berre plassera borna i barnehagane. Då må vi auka bemanninga, undestreka rådmann Berit Fløisand.
Mikal Leigland (Sp) meiner at tilbodet bør vera det same, uavhengig av kvar ein bur. På den andre sida, understreka Sp-politikaren, var årsaka til at ein innnførte SFO i utgangspunktet, at ordninga skulle vera sjølvfinansiert.
- SFO-tilbodet er subsidiert med godt og vel 1 mill. kroner. Er dette eit tilbod som foreldre i Fusa skal ha? spurte han.
- Eigentleg skal de gjera tiltak for å få budsjettet i balanse. No diskuterer de om vi skal plussa på fleire utgifter. Isolert sett, er alle tiltak gode, men Fusa kommune ligg an til ein minus i budsjettet for 2015. Kva gjer vi med det? påpeika Fløisand.
- Eg er samd med Berit. Vi har gjort vedtak om at det skal vera minimum åtte søkjarar for å starta SFO, så då får det vera slik, sa ordførar Hans S. Vindenes.
Sjølv om det er få søkjarar, er det ein grunn til at dei som har søkt, har søkt.
Birgitte H. O. Skibenes