Samla inn over 130.000 kroner
Årets fasteaksjon i Os gav over 130.000 kroner til Kirkens Nødhjelp.
Både konfirmantar, mange foreldre og andre gode hjelparar gjennomførte "dør-til-dør"-aksjon med bøsser frå Kirkens nødhjelp tysdag ettermiddag.
Kyrkjeverje Gerhard Hansen opplyser at resultatet syner heile kr 130.224 til formålet. Dette til tross for at nokre roder/hus ikkje fekk besøk og mange rapporterte at mange ikkje var heime.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Takk til alle konfirmantar, foreldre og andre som var med på fasteaksjonen 2016. Dei innsamla pengane vil bety reint vatn til mange, kommenterer Hansen.