Jammen kom snøen til julegateopninga
I ettermiddag opnar julegata på Osøyro. Fredag føremiddag velsigna vêrgudane oss med kvit nedbør.
– Ja, det passa jo fint. Håpar det held seg til i ettermiddag, seier leiar i sentrumsforeininga, Jeanett Kallekleiv.
Julegateopninga vert på Osøyro markert med samling på torget ein times tid før barne-TV-tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då blir det tenning av faklar, tenning av juletre og kanskje eit besøk av nissen, røper Kallekleiv.
Sidan blir det opninga av Pepperkakebygda i dei gamle apotek-lokala i Brugata.
Laurdag er det nisjebutikkens dag i Os sentrum.