Heimesnikra vindusviskarar: - Ikkje greitt, seier politiet
- Var det tilfeldig at bilen var på ferja nattestid, eller var det for å unngå å møta "onkel politi?", skriv tipsar etter å ha blitt vitne til noko som var litt utanom det vanlege.
Os & Fusaposten har fått tilsendt nokre bilete som syner kreativ bruk av det som skal vera øydelagde vindusviskarar eller vindusviskarmotor.
- På ferja frå Sandvikvåg til Halhjem natt til laurdag oppdaga eg ein bil med defekt vindusviskarmotor. Slik det har regna i det sist er det ikkje urimeleg at einkvar vindusviskarmotor har fått nok, skriv tipsar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Monterte tau på vindusviskarane
Ved nærare augesyn fann innsendar ut at bileigar hadde festa tau i kvar av vindusviskarane.
- Tauet gjekk ut gjennom vindauga. Passasjeren tok på seg hanskar, og veksla mellom å dra i venstre og høgre tau for å styra vindusviskarane. Såvel høgre som venstre vindauge var opna på gløtt.
- Var det tilfeldig at bilen var på ferja nattestid, eller var det for å unngå å møta "onkel politi"?, skriv han.
- Vindusviskarane skal verka
Ikkje veit Os & Fusaposten kvifor vedkomande var ute og rulla på natta. Det som er sikkert er at politiet ikkje er nøgde med kreativiteten til bilføraren.
- Køyretøyet skal vera i forsvarleg og forskriftsmessig stand. Ein kan ikkje halda på med heimeløysingar. Det finst det ikkje moglegheiter for. Vindusviskarane skal verka, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen, og legg til:
- Dersom politiet hadde kontrollert eit køyretøy i bruk på offentleg veg, der vindusviskarar på frontrute ikkje verkar hadde det blitt nedlagt bruksforbod til dette var utbetra. Ut i frå tid, stad og omstendige for øvrig, har politiet adgang til å vurdera avskilting av køyretøy og å melda forholdet.