Det skal ha oppstått munnhuggeri mellom ein gjeng frå Os og ein gjeng frå Fana. Det skal også ha kome til håndgemeng. (Arkivfoto)
Det skal ha oppstått munnhuggeri mellom ein gjeng frå Os og ein gjeng frå Fana. Det skal også ha kome til håndgemeng. (Arkivfoto)

Fekk melding om slagsmål

Politiet fekk 02.37 i natt melding om slagsmål i Øyane. To gjengar - ein frå Os og ein frå Fana - skal ha vore involvert.

- Me sendte patrulje til staden. Det var ikkje slagsmål på staden når denne kom fram, opplyser vakthavande ved operasjonssentralen.

Patruljen tok personalia på dei som var på staden. Det skal ha oppstått munnhuggeri mellom ein gjeng frå Os og ein gjeng frå Fana. Det skal også ha kome til håndgemeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det me veit er at det har kome til ein konfrontasjon av eit eller anna slag, av ukjend årsak, opplyser vakthavande.

Ein person skal også ha sparka mot ein bil. Menna det vart teke personalia på skal vera i 18-20-åra.

Ingen på staden ville anmelda forholdet.

- Me står såleis att med eit tilfelle av ordensforstyrring.