Nokre av elevane på Kongshaug vil satsa profesjonelt på musikk og går vidare til musikkhøgskule og konservatorium. Andre tek musikk som ein del av ei høgskuleutdanning
Nokre av elevane på Kongshaug vil satsa profesjonelt på musikk og går vidare til musikkhøgskule og konservatorium. Andre tek musikk som ein del av ei høgskuleutdanning

Utdanning: Elevtalet aukar på Kongshaug

Kongshaug Musikkgymnas er populært, og er i ein fase der dei utvidar elevtalet frå 90 til 120.

I år har musikkgymnaset på Lepsøy 114 elevar fordelt på tre trinn. Neste skuleår skal det vera 40 elever per trinn og 120 totalt.

Kongshaug Musikkgymnas er ein internatskule med elevar frå heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Internatkapasiteten og skulebygga skal også utvidast. Mellom anna skal den gamle låven innreiast til skulebygg, fortel rektor Oddvar Rotvik.

Han opplyser at tre år på Kongshaug gjev generell studiekompetanse og spesiell kompetanse for dei som vel fordjuping i matte og fysikk.

- Nokre av elevane vil satsa profesjonelt på musikk og går vidare til musikkhøgskule og konservatorium. Andre tek musikk som ein del av ei høgskuleutdanning, og held fram på ulike studium og blir gode amatørmusikarar og ressurspersonar i kulturlivet, kyrkjer og bedehus utover landet, fortel Rotvik.

Han legg til at ein finn tidlegare Kongshaugelevar i svært ulike yrkesgrupper.

- Vi har elevar frå heile landet, men vil gjerne ha fleire søkjarar frå Os. Elevar frå bygda kan velja å bu heime dersom dei ønsker det, påpeikar Rotvik.

Før haustferien var heile skulen på studietur til London.

- No ser vi fram til dei etter kvart så tradisjonsrike julekonsertane i Os kyrkje for heile bygda.

Faktaboks Kongshaug Musikkgymnas

Kristen vidaregåande internatskule med musikklinje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbyr treårig utdanningstilbod innan programområdet musikk, dans, drama i Vg1 og musikk i Vg2 og Vg3.

Utdanninga gjev generell studiekompetanse.

Dei fleste elevane bur på internata som ligg på skuleområdet.

Kongshaug er godkjent av Statens lånekasse. Elevane kan søkja om læremiddelstipend, bortebuarstipend og eventuelt lån.