Sprekkeklar for fest
I samband med nattope inviterer AMFI Os til den store ballongsprekken torsdag.
Ein sprekkaferdig Thomas Helgesen har fått ansvaret for å losa arrangementet trygt i hamn.
- Eg hadde håpa eg skulle få "hosta" damenes aften, men å vera konferansier på ballongsprekking er heller ikkje å forakta, humrar to-metaren frå Nore Neset.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ti verdfulle ballongar
Senterleiar Silje Lygre er glad ho har fått med seg ein kar som Thomas til innslaget.
- Han blir ein finfin konferansier og vil nok bidra til å laga litt liv og røre kring trekninga, seier Lygre.
For det er nemleg trekning av lodd det heile handlar om.
- Gjennom loddsal skal me trekkja ut ti vinnarar som får vera med på ballongsprekken. Dei får høve til å sprekka 250 ballongar. Ti av desse inneheld gåvekort, fortel Lygre.
Juleopning
Det er i det heile mykje som skjer på senteret i Os dei neste dagane. Laurdag er det klart for juleopning.
- Me tenner julelysa tidleg ettermiddag laurdag. Då håpar me å få hjelp av så mange born som mogleg. Sjølv med musikkorps og julekor på plass, vert det ikkje det same om ikkje også ei rekkje med born finn vegen og syng med under opninga, seier Lygre.