Slik ser det ut når du nettopp har fått plass i kommunestyret. Her representert ved Nils-Anders Nøttseter frå Miljøpartiet Dei Grøne.
Slik ser det ut når du nettopp har fått plass i kommunestyret. Her representert ved Nils-Anders Nøttseter frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Valkveldens gladaste!

Nils-Anders Nøttseter hadde god grunn til å smila. Så langt har Miljøpartiet Dei Grøne fått 5,7 prosent av røystene og to plassar i kommunestyret.

- Eg hadde håpa på det, men dette er jo fantastisk, jublar MDGs ordførarkandidat Nils-Anders Nøttseter etter at førehandsrøystene i Os er gjort kjende.

Ikkje minst er han glad for at han ser ut til å sleppa å sitja i kommunestyret som einaste MDG-representant.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Sivert-effekten

Opposisjonskameratane MDG, Venstre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet held valvake ilag på Peppes pizza. Konstellasjonane og latteren sit laust. Ikkje minst hos Venstres ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel, som kan notersa seg ein førebels framgang frå 5,3 til 6,1 prosent.

- Dersom dette vert trenden utover kvelden, så er vi godt nøgde, seier Rykkel.

- Er det Jon Sivert-effekten vi ser?

Glenn Erik Haugland (f.v.), ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel og leiar i Os Venstre, Steinung Stensletten.
Glenn Erik Haugland (f.v.), ordførarkandidat Jon Sivert Rykkel og leiar i Os Venstre, Steinung Stensletten.
Helge Steinum gliser breitt etter å ha høyrt om Arbeidarpartiets framgang i Bergen.
Helge Steinum gliser breitt etter å ha høyrt om Arbeidarpartiets framgang i Bergen.
Sandra Kristin Austgulen (f.v.), Idun Fjeld, Sigbjørn Haukeland og Jøran Haukeland.
Sandra Kristin Austgulen (f.v.), Idun Fjeld, Sigbjørn Haukeland og Jøran Haukeland.
Konstellasjonsteoriane sit laust denne kvelden.
Konstellasjonsteoriane sit laust denne kvelden.

- Nei, det kan eg aldri tenkja meg. Det er nok partiet Venstre som har bidratt til dette, smiler han.

Vonar det vil snu

Arbeidarpartiet, med ordførkandidat Helge Steinum i spissen, jublar for tala som syner framgang i Bergen. Men gjengen vert merkbart spakare når førehandsrøystene frå Os kjem.

- Det er skuffande at vi førebels har gått attende og mista eit mandat, men vi vonar det vil snu seg utover kvelden, seier han nøkternt.

Debutantar

Os AUF er også tilstades på valvaken med eit nesten fulltalig styre. Medan fjerdekandidat Sandra Kristin Austgulen har vore på valvake før, er dei tre andre debutantar.

- Dette er veldig gøy. Vi i AUF synest det er stas å vera her og vi har blitt teke veldig godt i mot av dei andre, seier Idun Fjeld, Sigbjørn Haukeland og Jøran Haukeland.