Forlengjer med to år
Mats Cato Moldskred held fram i Kongsvinger IL.
Onsdag vart det klart at osingen Mats Cato Moldskred forlengjer kontrakten med 1. divisjons-klubben Kongsvinger IL.
29-åringen har no skrive under på ein ny toårskontrakt med klubben frå skogsområda lengst sør i Hedmark fylke.
Artikkelen held fram under annonsen.
Til Kongsvingers IL si heimeside uttalar Mats Cato at han er blitt skikkeleg glad i klubben, og at det, i tillegg til den gode sportslege satsinga, er noko av årsaka til at han no forlengjer kontrakta.
Kjærleiken til klubben formidla Mats Cato også ganske så elegant med Kongsvinger-songen som han komponerte til lagets cupfinale mot Rosenborg tidlegare i månaden.