Munkane moste Vadmyra igjen
Sjølv om Lysekloster var rekna for ein sikker vinnar, var det spenning til siste slutt då dei møtte eit opplagt lag frå Loddefjord.
Etter at Lysekloster slo Vadmyra 4-2 i vår, var det ikkje tvil om kven som var favoritten. Men tidleg i kampen slapp Lysekloster-keeper Chris Sunde Midtun inn eit mål etter eit energisk angrep frå dei besøkande. Lysekloster tente på alle pluggane og heldt spelet mykje på motstandaranes banehalvdel i første omgang. Marginane var likevel ikkje på munkane si side trass i mange målsjansar. Ludvig Lynum hadde dessutan eit par spektakulære redningar, noko sjølv tilskodarbenken med heimefansen måtte vedgå. Dermed stod det 1-0 til pause.
- Det vart litt krampe over første omgangen sidan me ikkje greidde å skåra. Når ein begynnar å stressa er det viktig å finna roen att. Spelarane var klare på å ikkje la seg vippa av pinnen då dei gjekk på banen att til andre omgang, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sterk avslutning
Lysekloster heldt presset oppe i andre omgang, men måtte venta til siste 20 minutt før Sindre Flaa endeleg utlikna. Deretter var det berre å lena seg tilbake og sjå reprise frå vårens klare siger. Hans-Christian Nysæter sende laget opp i leiinga, tett følgt av Christer Bergesen Olsen med 3-1. Kaptein Baste Jonassen, som skapte mange målsjansar, fekk velfortjent stå for det siste målet kort tid før kampslutt.
- Me dominerte
- Det var skikkeleg lagarbeid som gjorde at me til slutt greidde å få hol på byllen. Dette handlar om å vinna kampar, og i dag gjorde me verkeleg jobben, seier Sandal. Han legg til at Lysekloster dominerte kampen endå meir denne gongen enn kva som var tilfelle då dei møtte Vadmyra sist.
- Det kunne nok ha blitt tosifra om me hadde hatt hellet med oss i første omgang. Men me er absolutt på gang! No er det fokus på ny trening på måndag, avsluttar trenaren.