(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Mistenkjer rus

Politiet i Fusa mistenkjer at føraren som forårsaka eit trafikkuhell ved Kilen i Fusa tysdag morgon, var påverka av rus.

Uhellet fann stad klokka åtte om morgonen. Førarkortet vart kverrsett, og det vart teken ein utvida prøve av føraren.

- Det er mistanke om rus i samband med uhellet, får Os og Fusaposten opplyst av Fusa lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var ingen andre i bilen då uhellet fann stad. Føraren vart ikkje alvorleg skadd.