Difor skal eg stemma på Fusa Venstre

Fusa er ein flott kommune som treng ein ny retning og ein ny giv, skriv Arild Heggland.

Fusa Venstre har både politikken og viljen til å gjera endringar for å tilpassa oss til framtida. Me må ikkje gløyma at endringar kan vera positivt.

Fusa Venstre ønskjer å gjera endringar i skulestrukturen, me ønskjer å styrka sentrum og me ønskjer å setja konkrete mål på folketalsvekst. Fusa kommune må òg bli mykje meir aktiv for å nå måla me har. Me har ein stor jobb framføre oss

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har Fusa Venstre ein ordførarkandidat for heile Fusa.

Difor skal eg stemma på Fusa Venstre og difor ønskjer eg at du og skal gjera det samme.

Godt val.

Arild Heggland

Ordførarkandidat

Fusa Venstre