Fann narkotika på ransaking
Ransaking på bustad i Os resulterte i funn av 25 gram cannabis.
- På føremiddagen i går ransaka me ein bustad i Os, grunna mistanke om narkotika. Det resulterte i beslag av 25 gram cannabis, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ein mann i 40 åra er meldt, og har innrømma forholdet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Melding om innbrot
Søndag har nokon prøvt å bryta seg inn i kiosken mellom kunstgrasbanane på Kuventræ. Klubben har vore i kontakt med politiet, men dei ønskjer ikkje å melda saka.
- Me vil oppmoda turgåarar i område, og generelt i Os, om å melda frå om dei ser noko som dei oppfattar som mistenkeleg åtferd. Det er betre å melda i frå ein gong for mykje, enn ein gong for lite, seier Hadler-Olsen.