Kasta syklar i sjøen
To syklar hamna i sjøen på Vinnes-festivalen. Politiet i Fusa bed om tips i saka.
På Vinnes-festivalen var det to politibetjentar til stades etter ønske frå arrangøren.
- To menn vart viste bort på grunn av rus, elles gjekk det veldig fint føre seg, opplyser politiførstebetjent ved Fusa lensmannskontor Ove Ivarhus.
Artikkelen held fram under annonsen.
I etterkant av festivalen har politiet også fått melding om hærverk på to syklar.
Syklane, som stod parkerte på parkeringsplassen, var blitt kasta i sjøen då eigarane kom for å henta dei rundt midnatt.
- I tillegg var det gjort ein del skadeverk på den eine, seier Ivarhus.
- Dersom nokon har sett noko, er politiet interessert i tips i saka, legg politiførstebetjenten til.
Elles har det gått roleg føre seg i Fusa i helga.