Osingar til scena
Osingane Kristine Bjånes, Reny Gaassand Folgerø og Mari Lyssand står på scena når Hordaland Teater set opp Selma Lagerløfs «Julerosene».
Juleframsyningane på Stend er ein kjend og kjær juletradisjon for mange osingar og fusingar. I år har dei ekstra god grunn til å gå. For frå premieren 21. november til siste framsyning 19. desember, står nemleg tre talentfulle osingar på scena i Selma Lagerløfs klassiske juleeventyr «Julerosene».
Vokalgruppa Taus, der Kristine Bjånes er fast medlem og Mari Lyssand vikar, står for all musikk, song og lyd saman med to mannlege songarar. Både klassiske og moderne julesongar er med.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg har skodespelar Reny Gaassand Folgerø, som til dagleg arbeider ved DNS, hovudrolla som Røvardottera.
Scenografien vil bestå av kasta klede, levert i samarbeid med Fretex.
Paradis på jord
Kva handlar så eventyret om?
For mange hundre år sidan budde det ei røvardotter langt ute i Gøringeskogen. Her heldt heile familien seg skjult, fordi faren var dømd fredlaus. Dei levde av at faren røva dei forbipasserande i skogen. Men når det ikkje kom nokon, måtte Røvarmor og dei fem ungane ut for å tigge.
Ein dag kjem Røvarmor til eit kloster. Der er det ein vakker hage, men røvarmor hevdar at ho har sett ein endå vakrare hage. Ho fortel munkane at kvar julenatt forvandlar Gøringeskogen seg til den mest fantastiske hage med blomar og bær og ein varme som om det var midt på sommaren. Det er som om paradiset på jorda opnar seg denne eine natta om året, til feiring av Jesu fødsel.
Munkane trur ikkje på henne, forutan ein. Han vil sjå dette underet med sine eigne auge.
Julerosene er ei historie om tvil og tru, og uansett om ein er kristen eller ikkje, blir ein rørt av magien i forteljinga.