Marie Bruarøy og Terje Søviknes omtaler seg sjølv spøkefullt som "eit gamalt ektepar" etter 16 års samarbeid.
Marie Bruarøy og Terje Søviknes omtaler seg sjølv spøkefullt som "eit gamalt ektepar" etter 16 års samarbeid.

Kommunekabalen er lagt

Ikkje overraskande vert Terje Søviknes (Frp) ordførar og Marie Bruarøy (H) varaordførar i Os. I tilleg overtek FrP leiarvervet i PBU.

Klokka 11.00 fredag kom Marie Bruarøy og Terje Søviknes ut for å fortelja at forhandlingane etter valet var i hamn. Dei to held fram utan KrF og Venstre, trass at Søviknes antyda eit mogleg samarbeid.

- Vi har snakka med KrF og Venstre, men valresultatet gav ikkje grunnlag for å gå inn i forhandlingar. Vi har fleirtal åleine, og då styrer vi etter det, seier Bruarøy og Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to viser til at Frp og Høgre har hatt eit solid samarbeid gjennom 16 år og vil byggja vidare på det i komande periode.

- I mange saker vil det likevel vera grunnlag for breie politiske fleirtal i kommunestyret, og der det er grunnlag for det, vil vi leggja vekt på konstruktiv dialog med alle dei andre partia. Vi vil alle det beste for Os-bygda, seier dei.

Rollebyte

Høgre tek over leiarskapet for tenesteutvalet, medan Frp er attende som leiar for Plan- og byningsutvalet. Med andre ord byter partia leiarskap for desse gruppene. Kva personar som får ansvar her, eller som går inn i formannskapet, er enno ikkje fastlagt.

Dei to har sagt ja - yes -  til kvarandre for dei neste fire åra.
Dei to har sagt ja - yes - til kvarandre for dei neste fire åra.

- Kan vi venta oss nokre store saker frå dykk den komande perioden?

- Dette er ikkje eit tid for svære visjonar, seier Søviknes og viser til planlagde prosjekt som utbyggjinga av Luranetunet, OHARA, «Liv på Øyro», Lunde skule og ny skule "aust om elvo".

Ishall

- Betyr det at det ikkje vert nokon ny ishall på Søfteland likevel?

- Det blir nok ein del av forhandlingane framover, seier Bruarøy medan Søviknes smiler gåtefullt.

I spørsmålet om ishall har som kjent dei to samarbeidspartia vore sterkt usamde. Medan Frp har sagt ja til planane, har Høgre vore like tydelege imot.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har ikkje sagt at det ikkje vert ishall. Eg sa at det ikkje er tid for nokre større prosjekt, og samanlikna med Luranetunet er ikkje ishallen så dyrt. Det er snakk om ein 30-40 millionar kroner, og det trur eg vi skal få til, seier Søviknes.

Røykeslutt

- Elles må vi få takka for det som har vore ein svært fin valkamp, seier dei to. Alt frå konkurransar og mediedekning til hyppige debattar har vore vellukka, meiner dei.

Sidan veljarane svara ja til å gje Søviknes ein femte periode som ordførar i Os, måtte han og gjera alvor av løftet om røykeslutt.

- Haha, eg tok mitt siste magadrag valnatta. No går det berre i snus, ler han.

I andre råd og utval er Frp og Høgre einige om slik fordeling:

Os formannskap

Frp tre medlemer, Høgre to medlemer.

Partia stiller eigne lister gjennom forholdstalsval, det vil seia eigne partivise varamannsrekkjer.

Plan- og bygningsutval

Frp tre medlemer, Høgre to medlemer.

Partia stiller felles liste v/forholdstalsval, dvs. felles varamannsrekkje. Frp har fyrste, andre, femte og sjuande vara. Høgre har tredje, fjerde og sjette vara.

Leiar; (Frp)

Nestleiar; (H)

Tenesteutval

Frp tre medlemer, Høgre to medlemer.

Partia stiller eigne lister gjennom forholdstalsval, det vil seia eigne partivise varamannsrekkjer.

Leiar; (H)

Nestleiar; (Frp)

Kontrollutval

Frp to medlemer, 1.-4.varameldem på eiga liste.

Høgre eitt medlem, 1.-3.varamedlem på eiga liste. Alternativt kan alle partia stille felles varamannsliste til Kontrollutvalet.

Leiar; Opposisjonen

Nestleiar; Frp