Eventyrleg. Frå venstre Edvardas Motuzis og Renata Motuziene med døtrene Daniela Motuzyte (6) og Linea Motuzyte (3).
Eventyrleg. Frå venstre Edvardas Motuzis og Renata Motuziene med døtrene Daniela Motuzyte (6) og Linea Motuzyte (3).

Eventyrhuset i Brakabygdo

I Brakabygdo har det dukka opp eit hus som har sett fantasien i sving for dei som kjem forbi. - Nokre kallar huset vårt for «Eventyrhuset», seier Renata Motuziene.

morten holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekteparet Renata og Edvardas Motuzis frå Litauen kjøpte huset frå 1954 i Stallabrotvegen 30 i 2011 og har halde på med renovering sidan. Å laga eit tre på ytterveggen, var ikkje ein del av planen. Men då onkelen til Renata som var med på oppussinga fekk ein lys idé, var dei ikkje framande for det.

- Han viste oss bilete av liknande ting han hadde gjort innandørs heime i Litauen, så han hadde lyst å prøva å gjera noko liknande her på utsida, fortel Edvardas.

- Det blir gøy, sa me, fortel Renata.

Sauna og storstove

Det tok to dagar å laga dekoren, og reaksjonane lét ikkje venta på seg.

- Mange synest det er spennande. Folk kjem bort til oss og andre har sendt meldingar. Mange kallar huset vårt berre for Eventyrhuset, fortel Renata.

Sjølv om dei har halde på med vølinga i nokre år no (mest Edvardas kan Renata avsløra), er dei ikkje ferdige enno. No er det kjellaren som står for tur.

- Det blir tradisjonell litauisk sauna og storstove. Slappa-av-plass, - eller norsk-plass, seier Edvardas som blunkar lurt, og hintar til at nordmenn kanskje er litt meir opptekne av å slappa av enn det han er van med heimanfrå.

-Nei, hallo?, seier Renata som synst ektemannen no bør ta seg ein bolle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdagskveld i Brakabygdo

Når kjellaren er ferdig, blir det kanskje tid til uteområdet.

- No er det berre plen, det hadde vore fint med litt hage, seier Renata.

Eit foto vil underteikna også ha, men det bør skje om ikkje altfor lenge. Denne onsdagskvelden skal nemleg Litauen spela kvartfinale i basketball mot Italia på tv. Kampen går føre seg i Lille i Frankrike. Litauen ligg på fjerdeplass på verdsrankinga etter USA, Spania og Argentina.

- Basketball er som ein "andre relgion" heime, fortel Edvardas.

Og berre for å ha det sagt: Litauen vann 95 - 85. Heilt eventyrleg det også.