Røde Kors-huset har døgnope
Røde Kors huset vil i samband med ekstremveret Tor vera døgnope frå kl. 1300 på fredag til beredskapssituasjonen er avslutta laurdag eller søndag.
I samarbeid med beredskapsleiinga i Os kommune har Os Røde Kors sett inn fleire tiltak i samband med stormen som er antatt å treffa Vestlandet i ettermiddag.
I Røde Kors-huset finst eige straumaggregat.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei som har behov for, i tilfelle straumbrot, å varma småbarnsmat, henta vatn fordi deira eiga pumpe ikkje verker, lada mobiltelefon eller har eit behov for å vera saman med nokon i ein ukomfortabel situasjon, er hjarteleg velkomne, melder beredskapsleiar Kristian Strønen.
Medlemer i Hjelpekorpset og Beredskapsvaktene er kalla inn for å bistå kommunen med å ivareta personar med særlege behov, i første rekkje personar med tryggleiksalarmar.
- Dersom mobiltelefonnettet sluttar å fungera, vil desse ikkje kunna melda om behov for hjelp og vil bli besøkt med jamne mellomrom for å sikra at velferda deira er god også når det er ein spesiell situasjon, påpeikar Strønen.
Han legg til at medlemene i Hjelpekorpset og Beredskapsvaktene også vil stå i beredskap for å bistå i andre situasjonar som måtte oppstå der kommunens profesjonelle personell ikkje vil ha tilstrekkeleg kapasitet eller må prioritera andre oppgåver.