To mistenkte for promillekøyring
To bilistar vart søndag stansa i Os etter mistanke om promillekøyring. Elles melder politiet om tilfelle av bråk.
Den første som vart stansa etter mistanke om promillekøyring var ein mann i 20-åra. Politiet stoppa han i Lysefjorden etter å ha blitt tipsa av andre bilistar.
- Han vart observert køyrande vinglete ned frå Fanafjellet, retning Lysefjorden. Ved eitt tilfelle køyrde han etter det me forstår også i ein fjellvegg, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då mannen vart stansa vart han straks sendt til legevakt for blodprøve. Han vart også fråteken sertifikatet på staden.
Det andre tilfellet av mistanke om promillekøyring fann stad i Os sentrum vel to timar seinare. Ein mann i 30-åra vart då stansa og køyrt til legevakta for avlegging av blodprøve. Også han vart fråteke sertifikatet på staden.
Bråk og røyk
Politiet var elles ute på eit par andre oppdrag i Os sentrum. Mellom anna måtte dei to gonger ut til ei leilegheit der det vart spelt høg musikk.
- Det var tydelegvis ein fest som ikkje heilt ville ta slutt, men då betjentane våre var innom for andre gong klokka 14.00, tok festdeltakarane hintet og skrudde av musikken, fortel Hadler-Olsen.
Også brannvesenet hadde seg ein tur til Os sentrum søndag. Ein bebuar dreiv og brente vått trevirke. Resultatet vart ei voldsom røykutvikling.
Bebuaren sløkkte bålet på brannfolkas oppfordring.
Sunken båt
I helga fekk politiet i Os melding om ein delvis sunken båt i området ved Lunde.
- Tipsaren veit ikkje kven båten tiløyrer, så me får sjå om me når fram med å ta det gjennom avisa. Båten er vel 14 fot og har ein fire hestars motor, fortel Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein bebuar på Sundøytangen på Røtinga melde måndag morgon frå til politiet om mistenkjeleg åtferd kring huset sitt.
- Vedkomande vakna natt til måndag av skritt utanfor huset. Då bebuaren gjekk ut for å sjå, fauk ein bil av garde frå staden, fortel Hadler-Olsen.
Han rår folk til å vera på vakt og seia frå dersom dei opplever liknande.
- På den måten kan me unngå innbrot og liknande, seier Hadler-Olsen.