Måndag morgon er nytt mannskap frå sivilforsvaret sett inn i søk på land.
Måndag morgon er nytt mannskap frå sivilforsvaret sett inn i søk på land.

Søket held fram for fullt

Friskt mannskap vart måndag morgon sett inn for å finkjemma området etter det som kan ha vore ei kajakk-ulukke. Politiet har fått tips frå ein osing som har vorte fråstolen kajakken sin.

Røde Kors held fram med å søkja i Vestrevågen utanfor Sundøytangen på Søre Øyane måndag morgon. Politiets innsatsleiar, Gisle Antun, opplyser at det blir vurdert å trappa ned søket i sjøen. Denne delen av operasjonen vert handtert av Hovedredningssentralen.

Tjuveri og ulukke?

På land held søket fram for fullt. Då «Os og Fusaposten» var på staden i morgontimane, kom nytt mannskap frå Sivilforsvaret på plass for å avlasta dei som har gjort teneste i natt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Grovsøket som vart gjort i natt vert no følgt opp med eit finsøk. Dei går gjennom området meter for meter, for å vera sikre på at ingenting vart oversett i natt.

- Har de fått noko tips knytt til kajakken?

- Ja, ein person busett i Os har opplyst at han har mista ein kajakk. Vedkomande må undersøkja nøyare om det verkeleg er hans kajakk me har funne (Kajakken er av typen Hasle Excursion 520).

Røde Kors leitar ved Sundøytangen.
Røde Kors leitar ved Sundøytangen.
-
-

- Så det er mogleg at nokon har stjåle kajakken og deretter hatt ei ulukke?

- Ja, det er ein mogleg teori. Samtidig er det ingen personar i området som er meldt sakna, seier Antun.

Sivilforsvaret har oppretta base i vika ved Vestrevågen, sidan dette er sentralt i forhold til staden der kajakken vart funnen, og der det vart høyrt skrik i natt. Politiet ventar at søka vil halda fram utover dagen.