Skal gå skinnelangs frå Nesttun til Os
Laurdag går Erlend Garåsen skinnelangs dei 26 kilometrane får Nesttun til Os langs Osbanen.
Garåsen skal gå 5.000 kilometer langs norske jernbanestrekningar. Ideen fikk han etter å ha gått Rallarvegen frå Haugastøl til Finse hausten 2012.
- Det å kunna gå i sju timar og tilbakeleggja tre mil i vakkert landskap fascinerte meg. Gikk det an å gå heile Bergensbanen? Eg starta med å gå Bergensbanen etappevis, men bestemte meg seinare for å gå samtlege etappar i heile Norge, fortel Garåsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han har vore gjennom to alvorlege sjukdomar som Wegeners granulomatose og seinare kreft. I ein periode i livet kunne han knapt bevega seg og det å gå i fjellet var rein utopi.
- Eg føler no at eg lever det livet eg ein gong ikkje levde.
Laurdag går han altså langs den nedlagte Osbanen. Jernbanen var 26 kilometer lang og vart nedlagt i 1935.
Turen går dels på gang- og sykkelveg og grusvegar på det som ein gong var den gamle skinnegangen. Etter seks kilometer vert det stopp på Stend stasjon og museet der.
Turen endar ved Osøyro der endestasjonen ein gong låg.
- Alle som vil, er velkomne til å ta del i turen frå Nesttun til Os.